nonlenfrdeites

Rådhuset i Åseral (foto: Peder Austrud)

Eining for økonomi og personal

Publisert . Sist endret . Posted in Eining for økonomi og personal

 
Økonomisjef

Svein Ove Nepstad
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Åseral rådhus, 4540 Åseral
E-post:
Telefon: 38 28 58 00/Mobiltelefon: 971 10 685
Telefaks: 38 28 58 01

 

Personal- og organisasjonsleiar

Ellen Ubostad Haaland
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Åseral rådhus, 4540 Åseral
E-post:
Telefon: 38 28 58 00 / Mobiltelefon: 900 45 127
Telefaks: 38 28 58 01


Økonomikontoret

Økonomikontoret har ansvar for kommunens økonomiforvaltning, budsjett og rekneskap. Kontoret føretek lønsutbetalingar, bokfører alle ut- og innbetalingar, samt innfordring av kommunale krav. Andre oppgåver å bistå avdelingane ved budsjett- og rekneskap samt drive opplæring i økonomistyring.


Skatteoppkrevjaren

Skatteoppkrevjaren er ein del av økonomikontoret. Denne krev inn skatt og avgifter frå innbyggjarar og næringsdrivande i kommunen.


Personalkontoret

Personalkontoret har ansvar for personalfagleg rådgjeving, intern leiaropplæring, og personalpolitisk utvikling.

Personal- og organisasjonsleiar har overordna ansvar for kommunen sine arbeidsmarknadstiltak og lærlingar. Vidare har Personal- og organisasjonsleiar ansvar for at kommunen har ei effektiv organisering, overordna ansvar for IA arbeid og kvalitetsarbeid/internkontroll/HMS-system, kontakt mot verneteneste og  tillitsvalde, samt utvikling av kommunen sitt kvalitetssystem.
Innkjøpskoordinering for kommunen ligg til Personalkontoret.