Rådhuset i Åseral (foto: Peder Austrud)

Avdeling for drift og utvikling (DRU)

Astrid MarieKommunalsjef: Astrid Marie Engeli
Kontaktinformasjon:
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Åseral rådhus, 4540 Åseral
E-post:
Telefon: 38 28 58 00 / Mobiltelefon: 476 58 969
Telefaks: 38 28 58 01


 
 
Tenesteområde for drift og utvikling:
Planarbeid tilhøyrande Plan- og bygningslova
Matrikkelarbeid, frådeling, oppmåling og kartnett-tenester
Byggesøknadar/saker som skal handsamast etter Plan- og bygningslova
Fagleg- og driftsansvar for det kommunale vatn- og avløpsanlegget
Private søknader om veg og avløp, tilskotsordning for nybygg
Større kommunale byggeprosjekt blir administrert og leia frå Teknisk og Plan
Drift- og vedlikehald av kommunale veger/bruer, idrottsanlegg, leikeplassar, parkar og kyrkjegardar
Vedlikehald av kommunale bygg
Administrativt ansvarleg for kommunens innkjøpssystem
Ansvar for reinhald i kommunale bygg
Reinhaldstenester for sal til private og andre offentlege verksemder
Kan levere CAD-tenester
 
Åseral kommune ser på næringsutvikling som ein svært viktig del av kommunens arbeid. Difor løyver kommunestyret kvart år middel i budsjettet til næringsarbeid. Desse midla blir kanalisert gjennom avdeling for Natur og Næring.
Avdelinga arbeider både med generelle rammevilkår for næringsutvikling og med den einskilde bedrift eller nyetablerar som ønskjer å utvikle ein forretningsplan eller foreta investeringar for å utvikle verksemda vidare. Med generelle rammevilkår meines store og små tiltak som kan gjera det meir attraktivt å bu i Åseral og å etablera verksemd her.
 
I tillegg handsamar avdelinga lovsaker innafor landbruket slik som: jordlov, skoglov, konsesjonslov, lov om forpakting og viltlova.
 
I kvar valperiode vedtek kommunestyret kommunens næringsplan. Planen uttrykker kommunens målsettingar for næringsarbeidet og slår fast ulike tiltak som skal gjennomførast for å nå målsettingane.