nonlenfrdeites

Hyttefelt

Kommunestyret i Åseral vedtok 30. juni 2011 å gjera det obligatorisk at hytter i områda Bortelid, Eikerapen og Ljosland skal vera kopla til anlegg for vatn og avløp. Dersom stikkleidningen frå hytta og til hovudleidningen blir å koste meir enn kr 100.000,- pluss meirverdiavgift, vil hytta vera automatisk unnatatt frå denne ordninga.

Kostnadene for hytteeigaren vil vera: 
- Tilkoplingsavgift.
- Kostnaden til stikkleidning frå hytta og til hovudleidningen. (Denne vil variere frå nokon få kroner og opp til maksimalt kr 125.000,-) 
- Kostnadene som følgjer med naudsynt tilpassing i hytta (Denne summen vil og sjølvsagt variera mykje).

Så har kommunestyret vedtatt at hytteeigarar som ikkje ønskjer å legge inn vatn no kan få lov å vente med dette fram til; 
- det skjer eit eigarskifte (Dette inkluderer generasjonsskifte)
- hytteeigaren ønskjer å gjera eit arbeid på hytta som krev byggeløyve.

Den som er eigar av ei hytte før eit VA-anlegg blir bygd ut i området, kan altså vente med fysisk tilkopling. Føresetnaden er at hytteeigaren betaler tilkoplingsavgifta når anlegget står ferdig. Anlegget vil bli bygd slik at det er lagt til rette for fysisk tilkopling seinare. Åseral kommune har som målsetting at aktuelle hytter skal vea kopla til anlegg for vatn og avløp i løpet av ein periode på 10 år.

Det gjenstår mykje arbeid med planlegging før vi er klare for å gjera ei endeleg prioritering av felta og starte utbygginga.Det er ei målsetting at alle hytteeigarar skal få informasjon om forventa tidspunkt for tilkopling minimum eitt år før dette skal skje.

Er det noko du lurar på vedrørande dette så vær vennleg å ta kontakt med Hilde Stuestøl Berg på epost