Slettefjedde

Utskrift

Om Åseral kommune

Historie
1 1837 var Åseral eit annekssokn til Bjelland prestegjeld. Sidan blei Åseral frådelt frå sitt hovudsokn av ein fylkesgrense: Åseral sokna til Nedenes amt (frå 1919 kjent som Aust-Agder), medan Bjelland hovudsokn sokna til Lister og Mandals amt (frå 1919 kjent som Vest-Agder). Det måtte difor bli oppretta eit eige formannskapsdistrikt (for liknande problemstillingar sjå òg Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal og Strømm – samt Hemne).
Den 1. september 1880 blei Åseral overført frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke.
 
Natur og geografi
Den vestlege delen av Agder tilhøyrer det svekonorvegiske grunnfjellskjoldet,
og består av to geologiske hovudformasjonar av proterozoiske bergartar som er danna under dei gotiske og seinare svekonorvegiske fjellkjedeforldingane, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[1] Eit underlag av 1 600 - 1 450 millionar år gamal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovanpå dette sure overflatestrukturer av både granitt og granodioritt (henholdsvis 1 250 - 1 000 mill år gamalt, og stadvis 1 550 - 1 480 millionar år gamalt). Dei yngste svekonorvegiske danningane vitnar av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldingen nådde ikkje ned her. Forkastningane gjeng både i sørvest-nordøst retning, og i sør-nord retning.[2]
Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og består av tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse blir smelta saman i vatnet Øre, og frå Øre sitt utløp er navnet Mandalselva. Gyvatn, Nåvatnet og Rundatjønn er andre vatn i kommunen.
Kraftkommune og anna næringsliv [rediger]Jord- og skogbruk er viktige næringar og 23% av dei sysselsette arbeider i desse primærnæringane. Turisme er eit satsingsområde i kommunen som har tre hytteområder og tre alpinsentre: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områdene er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.
Åseral er ein kraftkommune med fleire damanlegg og fem kraftverk: Håverstad, Longa, Skjerka (gamal/ny) og Smeland, med ein samla årleg produksjon på 1 118GWh.
 
Kultur
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar trekk Eikerapen Roots Festival og Bygdeutstillinga mange tilreisande. 26. juni 2010 opna Minne Åseral kultursenter i Kyrkjebygda i Åseral. Kulturhuset romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.

Tjenester fra a-å