Slettefjedde

Kommunevåpen

I 1987 gjorde Åseral kommunestyre vedtak om at motivet "Hestesko" skulle brukast som kommunevåpen i Åseral. 20. januar 1989 blei våpen og flagg for Åseral kommune godkjent i statsråd.

Motivet "Hestesko" var eit av mange forslag som kom inn frå publikum etter ein konkurranse blant kommunen sine innbyggjarar. I fyrste omgang var hesteskoen ei tredje prioritering etter handsaming i kommunestyret, men etter kvart segla forslaget opp til å bli ein vinnar.

Opprinneleg var hesteskoen snudd andre vegen, men det blei påpeika i eit skriv frå riksarkivet at "hesteskoen i heraldisk framstilling" må endrast. Dermed blei motivet slik det er i dag.  Det var også satt fram mange forslag til farger på våpenet, mellom anna gull på raud botn, men det enda til slutt opp med sølv hestesko på grøn botn.
 
Hesteskoen symboliserar hesten som eit viktig husdyr i fjellbygda før i tida. Arbeidshest og framkomstmiddel sommar som vinter. Hesteskoen symboliserar dessutan hell og lukke.

Her kan du finne kommunevåpenet i eit større format

pdfReglar for bruk av kommuevåpen i Åseral