nonlenfrdeites

Informasjonsbrev 21.11.2016

Publisert . Sist endret . Posted in VA Velia

INFORMASJON OM UTBYGGING AV VATN OG AVLØP I VELIA

Visar til brev datert 31.05.16 med informasjon om arbeid med å legge vatn og avløp (VA) i Velia.
Kopi av informasjonsbrevet ligg vedlagt.
Kommunen har no inngått kontrakt med TT Anlegg AS for arbeida med å legge vatn og avløp traseane. Kart som visar VA anlegget ligg vedlagt. Planlagt byggestart er veke 48. Dato for ferdigstilling av VA anlegget er satt til 1/9- 2017. Etter denne datoen er kommunen ferdig med sitt arbeid, men det vil fortsett vere arbeid med veger, tomter mm. som det er grunneigar/utbyggjar som skal syte for.

All informasjon som sendast ut vil bli lagt ut på kommunen si heimeside: www.aseral.kommune.no
Informasjonsbrev, større kart mm. finner du under eigen «knapp» til høgre merka med «VA Velia».

Kommunen legger hovudleidningar for vatn og kloakk. Jamfør førre brev kan dykk bestille tilkoplingspunkt slik at det leggast klart stikk ut av hovudgrøfta. Leidningar ut frå hovudleidningen vert private stikkleidningar som dykk sjølv må syte for. Legging av stikkleidningar er søknadspliktig.

Følgjande dokumentasjon må sendast innved søknad om å legge inn vatn og kloakk:
- Søknadsbrev/mail. Kort omtale av kva som skal gjerast.
- Erklæring frå grunneigar og eventuelle naboar med samtykke til å legge, drifte og vedlikehalde leidningane.
- Erklæring om ansvarsrett for entreprenør.
- Erklæring om ansvarsrett for røyrleggjar (når det skal leggast inn i hytta).
- Kart der leidningane som skal leggast er teikna inn.

Etter kvart som fleire detaljar må avklarast takast dette opp direkte med dei det gjeld.

Dette informasjonsskrivet er sendt til den heimelshavar som står registert fyrst i matrikkelen. Dette går etter alfabetisk rekkefølgje. For dei av dykk som er fleire som eig hytta, ber vi om at dykk sender denne informasjonen vidare.

 

pdfInformasjonsbrev 31.05.2016

pdfInformasjonsbrev 21.11.2016

pdfReguleringsføresegner Velia

pdfVA-plan

pdfPlankart