nonlenfrdeites

Informasjonsbrev 31.05.2016

Publisert . Sist endret . Posted in VA Velia

 INFORMASJON TIL HYTTEEIGARAR I VELIA

Åseral kommune skal i samarbeid med grunneigar, Knut Repstad, og utbyggjar, Bortelid Eiendomsutvikling AS, legge vatn og avløpsleidningar i Velia i samband med realisering av reguleringsplanen. Hovudtraseane går frem av vedlagt kart. Gjer oppmerksam på at det kan bli mindre endringar av trasear og plassering av kummar. 

Nabovarselet gjeld legging av vatn og kloakk som kommunen skal stå for og opparbeiding veg som utbyggjar sitt ansvar. 

Framdrift
Hytter som kan kople seg på denne leidningen vil få tilsendt informasjon om dette og bli fakturert tilkoplingsavgift når traseen er klar for å kople seg på. Tilkoplingspunkt og stikkleidningen frå hovudleidningen til hytta må kvar enkelt abonnent koste. 

Vi planleggjar å starte utbygginga hausten 2016. Nærmare framdrift vil vi kome nærare tilbake til. Dette vil mellom anna vere avhengig av anbod mm. 

Kommunen har engasjert Rambøll Norge AS avd. Kristiansand til å prosjektere anlegget for oss. Det er ei føresetnad for utbygging at utbyggingsavtale mellom grunneigar/utbyggjar og kommunen går i orden.

Obligatorisk tilkopling
Kommunestyret i Åseral vedtok 30. juni 2011 å gjera det obligatorisk at hytter i områda Bortelid, Ljosland og Eikerapen skal vera tilkopla til offentleg anlegg for vatn og kloakk. 
Dersom stikkleidningen frå hytta til hovudleidningen blir å kosta meir enn kr 125 000,- inkl. mva (2011 kr), vil hytta vera mellombels unnateke frå denne ordninga. I mars 2016 utgjorde dette kr 143 000,- inkl. mva. 

Kommunestyret vedtok og at hytteeigarar som ikkje ønskjer å legge inn vatn og kloakk no kan vente med dette fram til:
- Det skjer eit eigarskifte eller generasjonsskifte
- Hytteeigaren ønskjer å gjere eit arbeid på hytta som krev byggeløyve

Vilkåret for å vente med den fysiske tilkoplinga er at hytteeigaren betaler tilkoplingsavgift for vatn og kloakk. For 2016 er tilkoplingsavgifta kr 46 239,- for kloakk og kr 46 239,- for vatn, (inkl. mva). Tilkoplingsavgifta kjem i tillegg til kostnaden med stikkleidningen. 

Vasspostar
Utbygging av offentleg vatn og kloakk i området vil påverke vasspostane og nettet til desse. Åseral kommune og Bortelid Utmarkslag ønskjer på sikt å fase ut vasspostane litt etter litt i dei områda der det leggast til rette for offentleg vatn og avløp. For dette området som det no skal byggjast ut vatn og avløp, må det påreknast at det kan bli lenger avstand mellom vasspostane. Vasspostane vert utstyrt Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 28 58 00 Internett: www.aseral.kommune.no Åseral servicekontor Gardsvegen 68, 4540 Åseral Telefaks: Bank kto.: 38 28 58 01 3148 07 02142 E-post: Org.nr.: 964 966 842 med vassmålarar. Bortelid Utmarkslag til gi nærare informasjon om kor vasspostane kjem seinare. Følg med på Bortelid Utmarkslag sin heimeside: www.bortelid.no

Vi tilrår alle hytteigarar, sjølv om dei ikkje skal koplast på no, å kjøpe eit tilkoplingspunkt. Dette tilbyr kommunen for kr. 10 000 ,- inkl. mva. Det leggast då klart koplingspunkt ut av hovudgrøfta, slik at hyttane får eit definert punkt som er merket og målt inn. Bestilling av tilkoplingspunkt gjer ein ved å sende e-post til: Merk: Tilkoplingspunkt «Velia». 

Det vil bli gitt meir konkret informasjon etter kvart.