Informasjonsbrev 29.04.2016

INFORMASJON TIL HYTTEEIGARAR I OMRÅDET RUNDT BJELKELAGET MM.


Åseral kommune skal i samarbeid med grunneigarane på 13/17, 13/3, 13/2, 9/5 og 9/3 legge vatn og avløpsleidningar i del av Langatjønnlia, Fossbrotet og Bjelkelaget.
Hovudtraseane går frem av vedlagt kart (raud strek). Vi gjer oppmerksam på at traseane kan bli justert undervegs.

Fyrste byggetrinn vert frå den skarpe svingen ned mot Juvatn og innover mot høgdebrekket i Langatjønnlia, merka med rosa. Vi vil i dette byggetrinnet òg bygge om eksisterande kum nede i botnen av Velia (pkt. A). Planen er å byrje dette arbeidet i 2016.

Planen er å fortsette prosjektet med byggetrinn 2 i 2017. Vidare framdrift vil vi kome nærare tilbake til. Dette vil mellom anna vere avhengig av anbod mm.

Kommunen har engasjert Rambøll Norge AS avd. Kristiansand til å prosjektere anlegget for oss. Prosjektet skal sendast ut på anbod før ferien. Det er ein føresetnad for utbygging at avtaler mellom grunneigarar og kommunen går i orden.

Obligatorisk tilkopling
Kommunestyret i Åseral vedtok 30. juni 2011 å gjera det obligatorisk at hytter i områda Bortelid,
Ljosland og Eikerapen skal vera tilkopla til offentleg anlegg for vatn og kloakk.
Dersom stikkleidningen frå hytta til hovudleidningen blir å kosta meir enn kr 125 000,- inkl. mva
(2011 kr), vil hytta vera mellombels unnateke frå denne ordninga. I mars 2016 utgjorde dette
kr 143 000,- inkl. mva.

Kommunestyret vedtok og at hytteeigarar som ikkje ønskjer å legge inn vatn og kloakk no kan vente
med dette fram til:
- Det skjer eit eigarskifte eller generasjonsskifte
- Hytteeigaren ønskjer å gjere eit arbeid på hytta som krev byggeløyve

Vilkåret for å vente med den fysiske tilkoplinga er at hytteeigaren betaler tilkoplingsavgift for vatn og
kloakk. For 2016 er tilkoplingsavgifta kr 46 239,- for kloakk og kr 46 239,- for vatn, (inkl. mva). Tilkoplingsavgifta kjem i tillegg til kostnaden med stikkleidningen.

Hytter som kan kople seg på denne leidningen vil få tilsendt informasjon om dette og bli fakturert tilkoplingsavgift når traseen er klar for å kople seg på. Tilkoplingspunkt og stikkleidningen frå hovudleidningen til hytta må kvar enkelt abonnent koste.

Vasspostar
Utbygging av offentleg vatn og kloakk i området vil påverke vasspostane og nettet til desse. Åseral kommune og Bortelid Utmarkslag ønskjer på sikt å fase ut vasspostane litt etter litt i dei områda der det blir lagt til rette for offentleg vatn og avløp. For det området som det no skal byggjast ut vatn og avløp, må det påreknast at det kan bli lenger avstand mellom vasspostane.

Bortelid Utmarkslag vil gi nærare informasjon om kor vasspostane kjem seinare. Følg med på Bortelid Utmarkslag si heimeside: www.bortelid.no

Bortelid Utmarkslag/grunneigar vil og sende ut informasjon vedkommande koordinering av stikkleidningar og transport i terrenget. Utmarkslaget arbeider med dette og målet er å koma med meir informasjon i løpet av vår/tidleg sommar 2016.

Tilkoplingspunkt
Koplingspunktet der den private stikkleidningen blir tilkopla hovudleidningen er privat og blir eigd av hytteeigarane. For å gjere byggearbeidet med leidningsanlegget mest mogleg effektivt og rimeleg vil kommunen leggje klart stikk/tilkoplingspunkt ut frå hovudgrøfta til hyttene i området. Formålet med å gjere dette mens grøfta er ope, er å få til ein mest mogleg praktisk og økonomisk gunstig løysing for alle partar. Vi tilrår alle hytteigarar, sjølv om dei ikkje skal koplast på no, å kjøpe eit tilkoplingspunkt.

Dette tilbyr kommunen for kr. 10 000 ,- inkl. mva. Det blir då lagt klart stikk ut av hovudgrøfta, slik at hyttene får eit definert punkt som er merka og målt inn.
Bestilling av tilkoplingspunkt gjer ein ved å sende e-post til: Merk: Tilkoplingspunkt «Bjelkelaget».

Det vil bli gitt meir konkret informasjon etter kvart til dei som blir involvert i dei ulike byggetrinna.

Dersom dykk har spørsmål, ta kontakt på telefon: 382 85 800, e-post: eller

 

Med helsing
Hilde Stuestøl Berg
ingeniør

 

VEDLEGG:

pdfKartvedlegg_brev_29.4.16.pdf

pdfOversiktskart_med_traseer.pdf