nonlenfrdeites

VA BJELKELAGET - VINTERARBEID MED TRASE 4

Publisert . Sist endret . Posted in VA Bjelkelaget, Langatjønnlia og Fossbrotet

Som ein del av det varsla prosjektet «VA Bjelkelaget» er TT Anlegg AS er godt i gong med å legge vatn og kloakk i Langatjønnlia (trase 1).

Vi vil med dette gjere oppmerksam på at det i vinter vil bli oppstart av anleggsarbeid med trase 4.
Denne går frå botnen av Velia, kryssar Panoramavegen og går inn i Bjelkelaget, sjå vedlagt kart.

I samband med dette vil det bli mykje anleggstrafikk i området. Ber dykk om å vere varsame ved ferdsel i nærleiken.

Traseen skal ferdigstillast i løpet av 2017.

 

pdfInformasjonsbrev trase 4

pdfInfokart trase 4

Søknad om påkopling av vatn og kloakk i eksisterande bygg

Publisert . Sist endret . Posted in VA Bjelkelaget, Langatjønnlia og Fossbrotet

Krav til søknad:
- Skjema for løyve til tiltak eller i brev/e-post form.
- Erklæring av ansvarsrett frå rørleggjar
- Erklæring av ansvarsrett frå entreprenør
- Leidningskart
- Erklæring frå grunneigar og eventuelt naboar om rett til legging og vedlikehald av leidningane. ((vedlegg A eller B) i Reglement for private stikkleidningar.)

 

Følgjande gjeld for søknad vedkomande våtrom

 Arbeid som ikkje er søknadspliktige:
- Fullstendig ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining.
- Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining.
- Bygging av våtrom i nytt tilbygg når verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m², og tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining.
 
Arbeid som fortsett er søknadspliktige:
- Bygging av våtrom i nybygg følgjar søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarleg føretak for nybyggar.
- Våtrom i nytt tilbygg over 50 m² følgjar søknadsplikta med krav til ansvarleg føretak.
 
Skjema

Informasjonsbrev 14.09.2016

Publisert . Sist endret . Posted in VA Bjelkelaget, Langatjønnlia og Fossbrotet

 

INFORMASJON TIL HYTTEEIGARAR

Visar til brev datert 29.4.16 med informasjon om arbeidet med å legge vatn og kloakk inn i deler av områda Bjelkelaget, Fossbrotet og Langatjønnlia. Kopi av informasjonsbrevet ligg vedlagt. 

Kommunen har no inngått kontrakt med TT Anlegg AS for arbeida med å legge vatn og kloakk traseane. Byggetrinn går frem av vedlagt kart. Desse kan bli justert undervegs, men dette vil det bli informert om dersom det er aktuelt. Byggetrinn 1 skal ferdigstillast før sommaren 2017. Planlagt byggestart er 19/9-16.

Kommunen legger hovudleidningar for vatn og kloakk. Jamfør førre brev kan dykk bestille tilkoplingspunkt slik at det leggast klart stikk ut av hovudgrøfta. Leidningar ut frå hovudleidningen vert private stikkleidningar som dykk sjølv må syte for. Kommunen har eit godt samarbeid med utmarkslaget på Bortelid i dette prosjektet. Som det går frem i vedlagt skriv frå utmarkslaget vil dei bruke Bortelid Drift og Utvikling (BDU) til å vere med og koordinere arbeidet med å legge private stikkleidningar.

Legging av stikkleidningar er søknadspliktig. Følgjande dokumentasjon må sendast inn:
- Søknadsbrev/mail. Kort omtale av kva som skal gjerast.
- Erklæring frå grunneigar og eventuelle naboar med samtykke til å legge, drifte og vedlikehalde leidningane.
- Erklæring om ansvarsrett for entreprenør.
- Erklæring om ansvarsrett for røyrleggjar (når det skal leggast inn i hytta).
- Kart der leidningane som skal leggast er teikna inn.

Etter kvart som fleire detaljar må avklarast takast dette opp direkte med dei det gjeld.

 

Ta kontakt dersom du har spørsmål:

Åseral kommune | tlf: 382 85 800 | E-post:  | 

Bortelid Drift og Utvikling | tlf: 911 07 453 | E-post:

TT Anlegg AS | tlf: 922 13 644 | E-post:

Følg elles gjerne med på kommunen si heimeside www.aseral.kommune.no og kommunen si facebookside.

Informasjon om prosjektet blir lagt under ein «knapp» til venstre på heimesida «VA Bjelkelaget mm». Her kan dykk og laste ned større kart.

Med helsing
Hilde Stuestøl Berg
ingeniør

 

VEDLEGG:

pdfInformasjonsbrev_29.4.16.pdf

pdfInfo_-_Bortelid_Utmarkslag.pdf

pdfKart.pdf