nonlenfrdeites

Fastsetjing av vegnamn i kommunen for tildeling av vegadresser

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

VegskiltFor å få innført eit einsarta adressesystem i heile landet innan rimelig tid er det sett i gong eit nasjonalt prosjekt med eit slikt overordna mål: Eit einsarta adressesystem i landet, bygd på vegadresser, innan 1. januar 2015.

I Åseral kommune er ca. 74 % av adressene, vegadresser. Det er derfor ikkje så mykje som står att.

Eining for drift og utvikling har i samband med eining for oppvekst og kultur, utarbeidd ei liste over vegar i kommunen som nå skal tildelast namn. Dette for å ha eit einskapleg adressesystem, slik at det blir enklast mogleg å finna fram. Det er kommunane som er offisiell adressemyndigheit og som fastsett adressa.

Liste (link) over dei aktuelle vegane, nummerert frå 1-19, med forslag til namn, samt kart (1 og 2) over området, vil ved sidan av å visast her, også vere tilgjengeleg på Servicekontoret og i Åsdølen fram til fristen.

Merknadar eller andre kommentarar på namneforslaga, må vise til vår nummerering og sendast skriftleg til Åseral kommune, eining for oppvekst og kultur, innan 30.03.2012.

pdfKart 1

pdfKart 2

pdfListe over navneforslag

Elevane ved Åseral barne- og ungdomsskule trivs best på Agder!

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral skuleOver ein 5 års periode har det vore obligatorisk at 7. og 10. klasse gjennomfører utdanningsdirektoratet sin elevundersøking kvart år. Undersøkinga tek føre seg følgjande emne; trivsel med lærarane, mobbing på skulen, fagleg rettleiing, meistring og fagleg utfordring.

Ved å gjere opp status etter 5 år kjem altså 10.klasse i Åseral best ut på Agder. Med andre ord er dette eit utrykk for kva elevane sjølv seier om eigen skulekvardag og om lærarane sine.

Kommuneadministrasjonen nyttar høvet til å takke alle tilsette i skulen for innsatsen etter det gode resultatet.

Skidag på Ljosland

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

SnøbrettGRATIS SKIDAG PÅ LJOSLAND, LØRDAG 17.MARS - FOR UNGDOM MELLOM 13 OG 18 ÅR FRA KONSMO, GRINDHEIM, ÅSERAL

Først ei samling på Ljosland kapell med andakt, deretter blir det ski/slalåm på Ljosland skisenter. Bussavgang frå Konsmo bedehus kl.8:30.

Påmelding innen 1.mars til: Linda Fosse ved Åseral kyrkjekontor tlf. 382 85868, 415 44414- email:

PS! Ved påmelding, meld frå om du treng skiintruktør og om du treng slalåmutstyr frå Ljosland skisenter. Ta med niste, eller du kan event. kjøpe mat på Ljosland skisenter Vi håper at så mange ungdom som mulig fra Konsmo, Grindheim og Åseral kan være med oss denne dagen.

Hilsen
Trusopplæringa for Audnedal og Åseral