nonlenfrdeites

Det vert no enklare administrasjon av beverjakt

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

 

Krav til fellingstillatelse og opprettelse av vald for å jakte bever fell vekk. Kommunen har vedteke berekraftige mål for forvaltninga av bever I Åseral. Kommunestyret i Åseral  vedtok 28.09. 2017 ny forskrift om tilgjenge til jakt og fangst av bever i Åseral kommune. Det vil sei at det då er åpna for jakt av bever i Åseral kommune frå 01.10.2017 som er jaktstart for denne arten. Jakta held fram til 30.04.

 Mål for utvikling av beverbestanden i Åseral kommune

Forskrift_om_tilgjenge_til_jakt_og_fangst_av_bever_i_Åseral_kommune_copy_copy.pdf

 

 

 

 

 

 

Dokkeførestilling på Åseral bibliotek - fredag 29. september

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Fredag 29. september kl. 13:15 kan du få med deg dokkeførestillinga "Tutomaten" på Åseral bibliotek. 
Førestillinga er er basert på bøkene til Bjørn E. Rørvik. Arrangementet er gratis og ope for alle. Passar for born mellom 3-9 år. Basert på bøkene av Bjørn E. Rørvik.

Tutomaten er historia om kompisane Reven og Grisungen. Dei har høyrt om ein maskin som seier "tut tut" hvis man puttar inn ei tomflaske. Ein slik maskin vil dei og byggje, men den skal vere full av flaskar som dei kan drikke opp etterpå. I tillegg til brus, vil dei og ha andre søtsakar. Dei lager difor både sjokoladeskuff, tyggisklaff og kakefat på Tutomaten. So er det berre å vente....!

Plakat for førestillinga
 

Alkovett for den vesle

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Alle cellene og organa til barnet blir påverka dersom mor drikk alkohol under svangerskapet. Mykje alkohol gir store skadar. Kor lite som skal til for å skade utviklinga til fosteret, er usikkert. Derfor er det godt alkovett å vere heilt avhaldande gjennom heile svangerskapet.

Det er forska mykje på alkoholbruk i svangerskapet og dei alvorlege skadane det påfører fosteret. Mykje alkohol under svangerskapet kan gi verre seinskadar enn tobakk, kokain og heroin. Forskarane har ikkje klart å fastsetje noka sikker nedre grense for kor mykje ein kan drikke under svangerskapet utan at det skadar fosteret. Derfor er tilrådinga frå norske helsemyndigheiter at gravide er avhaldande under heile svangerskapet.

Det er altså vanskeleg å seie noko sikkert om risikoen for alvorlege skadar på det ufødde barnet. Men gleda over å drikke litt i svangerskapet vil uansett aldri vege opp for sorga over å få eit sjukt barn. Derfor har dei aller fleste ei klar haldning til at ein ikkje skal drikke når ein er gravid. Kvinner som ikkje vil avsløre graviditeten for tidleg, lærer seg kreative måtar å takke nei til alkohol på.

Dersom du er bekymra fordi du drakk alkohol før du oppdaga at du var gravid, eller du synest det er vanskeleg å la vere å drikke undervegs i svangerskapet, kan du snakke med fastlegen eller jordmora di.

Les meir på heimesidene til AV-OG-TIL: https://avogtil.no/tema/graviditet/

SMIL – spesielle miljøtiltak i landbruket – søknadsomgong 2018

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Formålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Frå 2016 var det endringar i SMIL-ordninga. Det kan nå også gis tilskot til eiger av landbrukseigedom dersom det foregår en tilskuddsberettiget produksjon på landbrukseigendomen det søkes SMIL-tilskudd for.

Det må søkjast på eige søknadsskjema. Du kan laste det ned sjølv på https://www.slf.dep.no/no/dokumenter/skjema?q=smil&servicekey=
Det er utarbeidd strategi og retningsliner for SMIL – arbeidet i Åseral. Desse kan du finne på kommunen si heimeside.

Når det gjeld verna bygningar så skal ein søkje gjennom Kulturminnefondet sjå lenkje her:
http://kulturminnefondet.no/soknad/

 

Frist for søknad er 1.november for begge ordningane.