nonlenfrdeites

Mistanke om harepest i Åseral

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

HareungeDet er den siste tida funne 2 daude harer i Bortelidområdet. Dette kan sjølvsagt skuldast naturlege årsaker, men ein ber folk om å vere ikkje ta på eventuelle daude harer dei måtte finne med bakgrunn i at det kan vere tale om sjukdomen Tularemi (harepest). Fint om du og melder frå til kommunen om du skulle finne ein daud hare. Under finn du nokre råd som kommunelegen sendte ut sist gong det vart påvist harepest i området. Kommunen melder om dette etter føre var prinsippet og presiserar at det ikkje er påvist noko harepest så langt.

 

"Harepest er ein dyreinfeksjon som i visse høve kan overførast til menneske. Smitten kan ikkje overførast mellom menneske. Harepest er svært smittsamt, men kan behandlast med antibiotika. Jegarar er spesielt utsette under slakting av hare. Du kan sjølv førebygge sjukdom ved å gjere nokre enkle grep:
- Ikkje ta i hare- og lemen- og beverkadaver utan hanskar. Gjeld særlig ved slakting av hare og fjerning av daude lemen.
- Ikkje drikk ukokt vatn på heia!
- Sjekk at vasskjelda di ikkje er ureina av gnagarkadaver.
- Bruk fuktig klut og ikkje kost når du skal fjerne støv som inneheld gnagarlort.
- Vask hender etter kontakt med hund og katt.
- Vask hender før du et!
 
Kva er harepest?
Harepest er ein zoonose, d.v.s. ein dyreinfeksjon som kan overførast frå dyr til menneske. Harepest kan ikkje overførast frå menneske til menneske. Sjukdommen er årsaka av bakterien Francisella tularensis. Harepest er svært smittsamt, og det skal lite til av smittestoffet før ein blir sjuk. Smitten kan overleve lenge i miljøet til dømes i vatn og gjørme. Smitten kan førekomme i vassdrag også året etter t.d. eit lemenår, men er elles eit haustfenomen i år med stor gnagarbestand.
 
Korleis kan ein unngå smitte?
Ikkje ta i hare- og lemen- og beverkadaver utan hanskar. Vask gjerne hendene med sprit etter kontakt med daude dyr. Jegarar er spesielt utsette under slakting av hare. Ikkje gløym å vaske hendene før du et!
Ikkje drikk ukokt vatn på heia! Det ligg no mange daude lemen alle stader. Dei kan ureine lokale vasskjelder og bekkar. Sjå etter om det er gnagarkadaver som kan ureine vatnet i vasskjelda di viss du har eigen brønn.
Ikkje bruk feiekost der det er lort og støv etter gnagarar. Bruk gode hanskar og fuktig papir eller klut slik at støvet ikkje kan virvle i kring.
Vask hender etter kontakt med hund og katt. Dyra blir vanlegvis ikkje sjuke sjølv, men kan vere reservoar for smitte.
 
Kven kan bli sjuke?
Haredyra og nokre andre gnagarar er svært mottakelege, og vil normalt dø av blodforgiftning kort tid etter infeksjon. Menneske og t.d. sau er mottakelege, men mindre følsomme og vil normalt ikkje dø av infeksjonen. Sjukdommen kan behandlast med antibiotika. Har du mistanke om at du er smitta, bør det vere lav terskel for å søke lege. Rovdyr, storfe, hest og andre artar er lite mottakelige og utvikler sjeldan sjukdom, men dei kan fungere som reservoar.
 
Smitteoverføring
Smitten kan overførast gjennom direkte kontakt med sjuke eller daude dyr, innpusting av dråper/infisert støv, konsum av infisert vatn og kjøtt, eller via blodsugande insekt som mygg og flått. Lemen kan fungere som eit smittereservoar for bakterien, noko som er høgaktuelt i år med mykje lemen i terrenget.
 
Symptom hos menneske
Symptoma varierar med smittemåte. Innånding kan gje symptom på lungebetennelse, mens smitte gjennom mat og vatn gir diaré, kvalme og magesmerter. Ved smitte via hud oppstår det gjerne lokal hudbetennelse og hovne lymfeknuter, fulgt av feber, hovudverk og brekningar. I nokre svært få tilfelle kan det utvikle seg til alvorleg sjukdom med blodforgiftning.
Inkubasjonstida er 2–10 dager, vanlegvis 3–5.
 
Les meir om tularemi hos menneske hos Nasjonalt folkehelseinstitutt: http://www.fhi.no/"
 

TV-aksjonen 2017/lokalt engasjement

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Årets TV-aksjon er tildela Unicef og deira arbeid for å gje utdanning til born ramma av krig og konflikt. Tilsette på rådhuset ynskjar å støtta saka - både med loddsal og auksjon. Me er ikkje så reint lite stolte over å kunne presentera ei svært så kreativ liste med både freistande og unike gevinstar!

pdfGevinstoversikt

LODDSALET finn stad på Åseral rådhus, servicekontoret: Kvar dag fram til onsdag 18. oktober kl. 11:30.Vonar mange tek turen inn på rådhuset og støtter opp om tiltaket.... Kr. 10,- pr. lodd. 
I tillegg vert det mogleg å kjøpe lodd på haustmarknaden i Bortelid laurdag 7. oktober ved Åseral kommune sin stand der.

TREKNING finn stad på Åseral rådhus, kantina: onsdag 18. oktober – kl. 11:30.
AUKSJONEN VERT ONSDAG 18. OKTOBER På kommunens facebookside vil fylgjande gevinstar bli auksjonert bort:

5 kvite italienarar (verpehøner)

Weekend for 4 personar i rorbu i Korshamn

2 timars hopping m/utstyr og instruksjon i Trollbakken (Evje) for inntil 20 personar.

Sjølve TV-aksjonen HVERT BARN ER EN MULIGHET går av stabelen sundag 22. oktober.

WWW.BLIMED.NO
Her blir vårt bidrag til aksjonen registert.
Her kan du og din organisasjon melde inn eventuelle bidrag og her finn du oversikt over givarar og gjennomsnitt pr. innbyggjar. I tillegg er det mogleg å utfordra andre her.

Sjekk drikkevatnet etter flaumen

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

 

På grunn av flaumen er det auka risiko for forureining av drikkevatnet pga tilsig av overflatevatn, særleg til private vasskjelder. Publikum bør ha låg terskel for koke vatn som skal brukast til drikke, matlaging og munnhygiene de næraste dagane. Dette gjeld særleg viss det blir farge eller usmak på vatnet. Kokevarsel kan og bli sendt ut frå kommunen sin smittevernlege.

 

Vennlig hilsen Ann-Margret Haaland

Kommuneoverlege

 

Influensavaksine

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Vi har nå fått influensavaksinene. Dersom du ynskjer vaksine er det berre å møte opp på legekontoret i opningstida mellom 9-14.30. (unntatt i lunsjpausen 11.30-12.00). Det er ikkje naudsynt å tinge time. Det blir ikkje sett opp ein spesiell dag for vaksinering i år, berre møt opp eller ta vaksina i samband med anna legebesøk. Vaksina kostar kr. 50,- for risikopasientar og kr. 100,- for andre. I tillegg må du betale for enkel pasientkontakt kr. 54,- dersom du ikkje har frikort eller er under 16 år.

Informasjon frå folkehelseinstituttet:

Influensavaksine anbefales årlig til risikogrupper


For noen kan influensa gi alvorlige komplikasjoner. Personer i risikogruppene bør ta influensavaksine årlig. Helsegevinsten kan være stor om disse vaksinerer seg.


Hvem bør vaksinere seg?


Influensavaksine anbefales spesielt for: 


 

    • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om vaksinasjon

 

    • Beboere i omsorgsboliger og sykehjem

 

    • Alle fra fylte 65 år

 

    • Barn og voksne med:

 

      • diabetes type 1 og 2

 

      • kronisk luftveissykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt

 

      • kronisk nevrologisk sykdom eller skade

 

      • nedsatt immunforsvar

 

      • svært alvorlig fedme (KMI over 40)

 

      • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

 




 


 

 

 

Kartlegging og verdisetting av friluftslivsområde Åseral – høyring

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral kommune har etter vedtak i Kommunalutvalet gjennomført ei kartlegging og verdisetting av kommunen sine friluftslivområder. Bakgrunnen for dette arbeidet er ei nasjonal målsetting om at flest mogleg kommunar skal ha gjennomført ei slik kartlegging og verdisetting innan 2018. Dette ser ein og att i Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2020 som har same mål for alle kommunar i Vest-Agder. Det er ein føresetnad at kommune har kartlagt og verdisett sine friluftslivområder før ein kan sette i gong arbeidet med etablering av skuterløyper.

Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe som har leia kartleggingsarbeidet. Ein har henta inn informasjon og lokal kunnskap i ulike delar av kommunen for å sikre ei så heilskapleg kartlegging som mogleg. Med utgangspunkt i dette har arbeidsgruppa vurdert relevant informasjon, kartfesta areala og skildra områda. Det er status på bruk av områda kartlegginga seier noko om. Kvart av områda er vurdert ut frå kriteria som er lista nedanfor og fått ein verdi. Kartlegginga er gjennomført etter retningsliner i Miljødirektoratet sin veileiar.

Nå vil ein søke å kvalitetssikre arbeidet gjennom ei offentleg høyring. Du kan bidra til arbeidet ved å sjekke at «dine» områder er med!
Har du innspel eller merknader til dei kartlagde og verdsette områda og/eller saknar du noko som burde vore med? Kartlegging er digital, og du finn lenke til kartoversikt på kommunen si heimeside. Sjå særleg på avgrensingar av områda og verdisettingskriteria.

Områdetype
Kvart einskild område har blitt definert som eit av desse områdetypane:

• Nærturterreng
• Leik- og rekreasjon
• Grønkorridor
• Marka
• Strandsone med tilhøyrande sjø og vassdrag
• Jordbrukslandskap
• Utfartsområde
• Store turområde med tilrettelegging
• Store turområde utan tilrettelegging
• Særlege kvalitetsområde
• Andre friluftsområde

Verdi
Verdivurdering er gjort etter desse 7 kriteria:
• Brukarfrekvens
• Regionale og nasjonale brukarar
• Kvalitetar i høve til opplevingar
• Symbolverdi
• Funksjon
• Kor godt eigna området er til friluftslivaktivitet
• Tilrettelegging

Verdi A, B eller C
På bakgrunn av verdsettingskriteriene får kvart av områda ein av desse verdiane:
• A = svært viktig friluftslivsområde
• B = viktig friluftslivsområde
• C = registrert friluftslivsområde

Kvalitetar som gir høg verdi kan til dømes vere område som har mykje bruk, eller har mange særskilde kvalitetar. Vidare vil område med lang tradisjon som turmål, mindre område som har ein viktig funksjon som utgangspunkt for turaktivitet, eller område som er godt tilrettelagt for menneske med redusert funksjonsevne bli verdsett høgt. Små eller store område som er spesielt fine for enkeltaktivitetar det ikkje finnes alternativ til, er òg verdifulle.

Digital kartoversikt med tilhøyrande informasjon finn du på her.

Ta kontakt (per e-post eller per tlf. 958 45 100) dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å finne fram i kartet.
Innspel til handlingsprogrammet må sendast skriftleg pr. brev eller e-post til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral eller . Frist 1.oktober 2017.