nonlenfrdeites

Endring i ekteskapslova - kommunal vigsel frå nyttår

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Frå 1. januar 2018 blir ansvaret for gjennomføring av borgarlige vigslar overført frå tingrettene til kommunane etter ei lovendring i ekteskapslova. Åseral kommunen vil frå 1. januar ha eit kommunalt tilbod om vigsel til eigne innbyggarar og for personer som ikkje er busett i Noreg.

 

Før dykk gifte dykk
Det er skatteetaten som føretar den førebuande sakshandsaminga og alle skjema må fyllast ut på skatteetaten.no

Skjemaet blir sendt til det lokale skattekontoretSkatteetaten sjekke då om dykk oppfylle vilkåra for å inngå ekteskap.

Skatteetaten skriv så ut ein prøvingsattest som viser at dykk oppfylle vilkåra for å inngå ekteskap. Denne attesten er gyldig i 4 månader frå utsending. Original attest må sendast til Åseral kommune seinast 3 veke før vigsel.

Du kan sende attesten til:
Åseral kommune
Gardsvegen 68,
4540 Åseral

Har du spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten

 

Kven kan kommunen vie?
Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for kommunen sine innbyggarar og personer som ikkje er busett i Noreg, men som fylle vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapsloven § 12 a.

Det er tilstrekkelig at éin av brurefolka er busett i kommunen for at plikta gjeld. Kven som vert rekna å vere busett i kommunen følger av dei alminnelige reglar om folkeregistrering av bustadadresse, jf. folkeregisterlova med føresegn.

Ekteskapslova bygger på ein føresetnad om at dei som oppfylle vilkåra for inngåing av ekteskap og krava til prøving, har krav på vigsel i Noreg. Dette gjeld også personar som berre oppheld seg midlertidig i landet. Kommunen sitt tilbod om borgarlig vigsel gjeld båe for utanlandske brurefolk og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse gruppene skal og kunne nytte seg av tilbodet i kommunen, utan å måtte betale for dette.

Kommunen kan sjølv bestemme om dei vil tilby vigsel for andre kommunar sine innbyggarar

 

Kostnader
Tilbodet om vigsel er gratis for kommunen sine eigne innbyggarar.

Kommunen kan ta betaling for naudsynte meirkostnader dersom vigselen går utover det vanlige tilbodet om tid og stad.

 

Kor går seremonien føre seg?
Seremonien vil som utgangspunkt gå føre seg på rådhuset, i kommunestyresalen.

 

Korleis føregår seremonien?
Det er ordførar eller varaordførar som vil stå for vigselen

Brurefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigselen. Dei må vente utanfor seremonilokalet til dei blir vist inn.

Det skal vere to vitne til stade under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarar, men det kan og vere to andre myndige personar.

Dersom ein av brurefolket er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva språk som skal nyttast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må dykk sjølv syte for kvalifisert tolk.

Endeleg vigselattest vil bli ettersendt av folkeregisteret.

 

Lovverk 
Lov om ekteskap (Ekteskapsloven)

Forskrift om kommunal vigsel

 

Har du spørsmål om sjølve vigselen, ta kontakt på: eller ring på: 38 28 58 00

 

Harepest påvist i Åseral

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Til informasjon:
Det er påvist harepest, Francisella tularensis, på ein av harene frå Åseral som Mattilsynet sendte til analyse. 

Merk:
-Unngå usikre drikkevasskjelder
-Unngå kontakt med sjuke eller daue harer og smågnagarar. La dyret ligge om det ikkje er i tilknyting til drikkvant eller turvegar
-Unngå å bli slikka av hund eller katt som kan ha vore i kontakt med daude eller sjuke dyr (det er ikkje tida for å ha med hund eller katt i senga...).
 
Informasjon om harepest, veterinærinstituttet:
https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/tularemi

Informasjon fra folkehelseinstituttet:
https://nhi.no/livsstil/reise/harepest-tularemi/

Dette er det vi har på Mattilsynets nettsider:
http://www.matportalen.no/matsmitte_og_hygiene/tema/smittestoffer/unngaa_aa_faa_harepset

Nyhetsoppslag:
https://www.nrk.no/buskerud/smagnagerar-og-harepestutbrudd-i-sor-norge-1.13740925

Dekking av utgifter til busskort for heiltidsstudentar ved UIA

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral kommune refunderer utgiftar som heiltidsstudentar ved UIA har til busskort (gjeld periodekort). Ordninga trer i kraft frå 1. oktober 2017 og gjeld fram til juni 2018

Studenten skal ha folkeregisteradresse i Åseral og ordninga gjeld ut det året studenten fyller 25 år.

Dette er ei prøveordning som skal evaluerast før 01.07.2018.

Her finn du søknadsskjema: pdfSoknadsskjema_busskort.pdf

Kartlegging og verdisetting av friluftsliv – utsett høyringsfrist

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral kommune hadde eit informasjonsmøte måndag 9. oktober vedkomande kartleggingsarbeidet og forslag til temakart som har vore til høyring. Det var mange som møtte og engasjementet var stort rundt denne kartlegginga. På møtet vart det bestemt at høyringsfristen blir utsett. No har administrasjonen saman med ordførar blitt einige om at ny høyringsfrist blir 15. mars 2018. Ordførar vil kalle inn til eit nytt infomøte i god tid før høyringsfristen.

Merknader eller innspel sendast skriftleg til

Lenke til høyringsforslaget/temakartet finn du her:

http://vaf.maps.arcgis.com/apps/Minimalist/index.html?appid=9d62f9e99378486390558bb3f31f1726

Dersom du har spørsmål eller ynskjer å sjå på dette saman med sakshandsamar er det fint om du tek kontakt med Randi Byremo på tlf. 958 45 100.

Melding frå Mattilsynet

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Til informasjon:
Det er påvist harepest, Francisella tularensis, på harer som Mattilsynet sendte til analyse forrige uke. Obduksjonen ble utført ved veterinærinstituttet avdeling Oslo. Vi mottok muntlig tilbakemelding om positive prøvesvar i dag.
Funnsted for kadaver var i nærheten av Bringsvær leirskole (Vennesla kommune) og i Finsland (Songdalen). 

Merk:
-Unngå usikre drikkevannskilder
-Unngå kontakt med syke eller døde harer og smågnagere
-Unngå å bli slikket av hunder eller katter som kan ha vært i kontakt med døde eller syke dyr.


Informasjon om harepest, veterinærinstituttet:
https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/tularemi

Informasjon fra folkehelseinstituttet:
https://nhi.no/livsstil/reise/harepest-tularemi/

Dette er det vi har på Mattilsynets nettsider:
http://www.matportalen.no/matsmitte_og_hygiene/tema/smittestoffer/unngaa_aa_faa_harepset

Nyhetsoppslag:
https://www.nrk.no/buskerud/smagnagerar-og-harepestutbrudd-i-sor-norge-1.13740925