nonlenfrdeites

Til verksemder i Åseral og omegn

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Det vert også i år gjeve tilskot frå Åseral kommune til dei verksemdene som har ungdom i arbeid sommaren 2018.

Eit av vilkåra er mellom anna at ungdomen fyller 16 eller 17 år i løpet av 2018 og er heimehøyrande i Åseral* (sjå elles søknadsskjema for andre vilkår). Tilskotet utgjer kr 80,- pr time i maks 2 veker (37,5 t/v). Tilskot vert ikkje gjeve dersom ungdomen i tillegg har sommarjobb i Åseral kommune.

Tilskotet kan søkjast av alle private verksemder, òg dei som ikkje er heimehøyrande i Åseral.

Ta kontakt med Åseral servicekontor for nærare informasjon. ”Søknadsskjema – verksemder” skal nyttast. (* Registrert i Folkeregisteret med bustadadresse i Åseral kommune.)

 

Søknadsfrist for verksemder: 9. april 2018

 

Fyll ut skjemaet 

Sommarjobb i Åseral kommune for ”garantiungdom”

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Du som fyller 16 og 17 år i løpet av 2018 har sommarjobb-garanti, men må likevel søkja om jobb. Det vert etter planen lagt til rette for arbeid på einigar i kommunen, samt Frivilligsentralen. I tillegg ønskjer vi òg samarbeid med det private næringsliv, og å kunne gje tilbod om sommarjobb i andre firma/organisasjonar enn Åseral kommune.

Verksemdene vil få eit tilskot for å ha ungdom i arbeid, så vis initiativ og spør/søk gjerne etter sommarjobb i forkant. (Du kan ikkje ha sommar-jobb både i kommunen og i ei verksemd dersom verksemda får tilskot for å ha deg i arbeid.)

Arbeidsperioden er i år i utgangspunktet 2 veker. Det er eit vilkår at du går på skule/studerer og er heimehøyrande* i Åseral. ( * Registrert i Folkeregisteret med bustadadresse i Åseral kommune.)

Søknadsfrist: 9. april 2018

Søknadar som kjem inn etter søknadsfristen vil ikkje bli handsama.

 

Søknad sommerjobb - Garantiungdom - Fyll ut skjemaet

 
 

Er du over 16 år og ynskjer å bruka styrkeromet?

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Systemet held fram som tidlegare, men nå er det lagt opp til sjølvbetjening med kvittering i postkasse ved inngongen til Åseralsheimen.

  • Nøkkel og kort ligg i ein postkasse saman med kvitteringsliste.
  • (NB: Dersom det ikkje ligg nøkkel i kassen må du sjå på kvitteringslista kven som har kvittert ut nøkkel til styrkeromet og ta kontakt med vedkomande for å kome inn).
  • Ta ut kvitteringsliste og noter namnet ditt og klokkeslett.
  • Ta med deg nøkkel. Les og sette deg inn i branninstruks og utlånsreglar.
  • Rydd brukte manualar og matter på plass etter treningsøkta. Følg reglar som kjem fram via oppslag i styrkeromet.
  • Når du er ferdig med treninga leverer du nøkkelen i postkassen og kvitterer ut på lista.
  • Nøkkel må leverast i kassen seinast innan klokka 22:00 (etter dette tidspunkt låser nattevakta døra og du kjem ikkje inn i bygget).
  • Denne tenesta baserer seg på tillit. Eventuelle skadar/rot rapporterast til ÅIL v/Kari Røynlid (901 29 245) eller Jan Oddvar Lineikro (901 76 450).
  • Me ynskjer deg ei god treningsøkt!

Kommunalt tilskot til landbruket.

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Har du tenkt å søkje om kommunalt tilskot til landbruket?
Hugs fristen 15. mars!

Retningsliner for tilskot er no slik:

  • Driftsbygningar: søkjar investerer kr. 250.000 eller meir.
  • Tilskot til nydyrking: søkjar investerer kr. 100.000,- eller meir.
  • Landbruksvegar: søkjar investerer kr. 200.000,- eller meir.
  • For tilskot til skogkulturarbeid er det ikkje beløpsgrense.

Lurar du på noko er det berre å ta kontakt med Ingunn Kile, tlf. 94 52 98 91.