nonlenfrdeites

Oversikt over treningstider i fleirbrukshuset

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

 
Oversikt treningstider

 


pdfFleirbrukshuset_oversikt_17-18

Er du over 16 år og ynskjer å bruka styrkeromet?
Det er lagt opp til sjølvbetjening med kvittering i postkasse ved inngongen til Åseralsheimen.

  • Nøkkel og kort ligg i ein postkasse saman med kvitteringsliste.
  • (NB: Dersom det ikkje ligg nøkkel i kassen må du sjå på kvitteringslista kven som har kvittert ut nøkkel til styrkeromet og ta kontakt med vedkomande for å kome inn).
  • Ta ut kvitteringsliste og noter namnet ditt og klokkeslett.
  • Ta med deg nøkkel. Les og sette deg inn i branninstruks og utlånsreglar.
  • Rydd brukte manualar og matter på plass etter treningsøkta. Følg reglar som kjem fram via oppslag i styrkeromet.
  • Når du er ferdig med treninga leverer du nøkkelen i postkassen og kvitterer ut på lista.
  • Nøkkel må leverast i kassen seinast innan klokka 22:00 (etter dette tidspunkt låser nattevakta døra og du kjem ikkje inn i bygget).
  • Denne tenesta baserer seg på tillit. Eventuelle skadar/rot rapporterast til ÅIL v/Kari Røynlid (901 29 245) eller Jan Oddvar Lineikro (901 76 450).
  • Me ynskjer deg ei god treningsøkt!