nonlenfrdeites

Mistanke om harepest i Åseral

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

HareungeDet er den siste tida funne 2 daude harer i Bortelidområdet. Dette kan sjølvsagt skuldast naturlege årsaker, men ein ber folk om å vere ikkje ta på eventuelle daude harer dei måtte finne med bakgrunn i at det kan vere tale om sjukdomen Tularemi (harepest). Fint om du og melder frå til kommunen om du skulle finne ein daud hare. Under finn du nokre råd som kommunelegen sendte ut sist gong det vart påvist harepest i området. Kommunen melder om dette etter føre var prinsippet og presiserar at det ikkje er påvist noko harepest så langt.

 

"Harepest er ein dyreinfeksjon som i visse høve kan overførast til menneske. Smitten kan ikkje overførast mellom menneske. Harepest er svært smittsamt, men kan behandlast med antibiotika. Jegarar er spesielt utsette under slakting av hare. Du kan sjølv førebygge sjukdom ved å gjere nokre enkle grep:
- Ikkje ta i hare- og lemen- og beverkadaver utan hanskar. Gjeld særlig ved slakting av hare og fjerning av daude lemen.
- Ikkje drikk ukokt vatn på heia!
- Sjekk at vasskjelda di ikkje er ureina av gnagarkadaver.
- Bruk fuktig klut og ikkje kost når du skal fjerne støv som inneheld gnagarlort.
- Vask hender etter kontakt med hund og katt.
- Vask hender før du et!
 
Kva er harepest?
Harepest er ein zoonose, d.v.s. ein dyreinfeksjon som kan overførast frå dyr til menneske. Harepest kan ikkje overførast frå menneske til menneske. Sjukdommen er årsaka av bakterien Francisella tularensis. Harepest er svært smittsamt, og det skal lite til av smittestoffet før ein blir sjuk. Smitten kan overleve lenge i miljøet til dømes i vatn og gjørme. Smitten kan førekomme i vassdrag også året etter t.d. eit lemenår, men er elles eit haustfenomen i år med stor gnagarbestand.
 
Korleis kan ein unngå smitte?
Ikkje ta i hare- og lemen- og beverkadaver utan hanskar. Vask gjerne hendene med sprit etter kontakt med daude dyr. Jegarar er spesielt utsette under slakting av hare. Ikkje gløym å vaske hendene før du et!
Ikkje drikk ukokt vatn på heia! Det ligg no mange daude lemen alle stader. Dei kan ureine lokale vasskjelder og bekkar. Sjå etter om det er gnagarkadaver som kan ureine vatnet i vasskjelda di viss du har eigen brønn.
Ikkje bruk feiekost der det er lort og støv etter gnagarar. Bruk gode hanskar og fuktig papir eller klut slik at støvet ikkje kan virvle i kring.
Vask hender etter kontakt med hund og katt. Dyra blir vanlegvis ikkje sjuke sjølv, men kan vere reservoar for smitte.
 
Kven kan bli sjuke?
Haredyra og nokre andre gnagarar er svært mottakelege, og vil normalt dø av blodforgiftning kort tid etter infeksjon. Menneske og t.d. sau er mottakelege, men mindre følsomme og vil normalt ikkje dø av infeksjonen. Sjukdommen kan behandlast med antibiotika. Har du mistanke om at du er smitta, bør det vere lav terskel for å søke lege. Rovdyr, storfe, hest og andre artar er lite mottakelige og utvikler sjeldan sjukdom, men dei kan fungere som reservoar.
 
Smitteoverføring
Smitten kan overførast gjennom direkte kontakt med sjuke eller daude dyr, innpusting av dråper/infisert støv, konsum av infisert vatn og kjøtt, eller via blodsugande insekt som mygg og flått. Lemen kan fungere som eit smittereservoar for bakterien, noko som er høgaktuelt i år med mykje lemen i terrenget.
 
Symptom hos menneske
Symptoma varierar med smittemåte. Innånding kan gje symptom på lungebetennelse, mens smitte gjennom mat og vatn gir diaré, kvalme og magesmerter. Ved smitte via hud oppstår det gjerne lokal hudbetennelse og hovne lymfeknuter, fulgt av feber, hovudverk og brekningar. I nokre svært få tilfelle kan det utvikle seg til alvorleg sjukdom med blodforgiftning.
Inkubasjonstida er 2–10 dager, vanlegvis 3–5.
 
Les meir om tularemi hos menneske hos Nasjonalt folkehelseinstitutt: http://www.fhi.no/"