nonlenfrdeites

Vassmålaravlesing med SMS

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral kommune vil no ta i bruk vassmålaravlesing via SMS.

I slutten av desember vil kommunen sende ut SMS til dei som har vassmålarar i kommunen med beskjed om å lese av sin vassmålar.

Mobilnummeret til abonnentane vert henta frå offentlege registre som DIFI kontaktregister, på 1881 eller folkeregisteret.

Mottakar skal svare på motteke SMS, og ikkje skrive noko anna enn målarstand. Altså skal det berre stå tal på SMS som vert sendt frå dei som har vassmålarar. Ta ikkje med raude tal, det er dei svarte tala som skal rapporterast. Dersom du skriv feil, kan du sende meldinga på nytt. Det er den siste avlesing/melding som vert gjeldande.

NB! Dersom du har fleire vassmålarar og får fleire SMS, må du passe på at målarnummer som står oppgitt i SMS du svarar på er det same som nummeret på vassmålaren du les av.

Har du ikkje moglegheit til å svare på SMS innan fristen, vil du seinare få eit avlesingskort. Der vil det stå korleis du skal gå fram for å få rapportert vassmålarstand

Dei som ikkje det er mogleg å finne telefonnummer til, og som dermed ikkje mottar SMS, vil få tilsendt avlesingskort som før. Dei må då følgje rettleiing på avlesingskortet for å få registrert målarstand anten på web eller SMS. Avlesingskortet kan óg leverast på servicekontoret på rådhuset.

Har du spørsmål? Kontakt oss på tlf.: 382 85800 eller e-post:

 

Vassmåleravlesing