nonlenfrdeites

TV-aksjonen - 22. oktober 2017 / Unicef

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Årets aksjon er tildela unicef og har fått namnet «HVERT BARN ER EN MULIGHET».

TV-aksjonen skal gje born i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør Sudan tilgang på læring.

Eitt av fem born i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. Unicef jobbar hardt og målretta for at born ikkje skal få øydelagt framtida av dei vaksnes krigar og konfliktar.

Skulegang gjev born som bur i konfliktområde mogelegheit til å lære, leike og vere saman.

På sikt bidreg utdanning til å bygge opp att samfunn og gje håp for framtida.

Sundag 22. oktober – mellom kl. 15:30 og kl. 17:30 vil alle husstandane i Åseral få besøk av ein bøsseberar. Ta vel i mot bøsseberaren!

 Har du ikkje kontantar?

 Vipps: Valfritt beløp til 2133.

Vippsbeløp innbetalt mellom kl. 16:00 – 18:00 vert registert som bøssebeløp i kommunens gjevarstatistikk.

SMS: Send TVA til 2133.  Du vert belasta med kr. 250,- pr. SMS.

SMS-beløp vert ikkje registert som bøssebeløp i kommunens gjevarstatistikk.

www.giverstafett.no  er det mogleg for privatpersonar og organisasjonar å gje sine bidrag. Her registerer givar seg og så fort registeringa er gjort vil givar motta giro til oppgitt e-postadresse. Det er òg mogleg å utfordre andre her.

www.givarstafett.no  finn du oppdaterte kommune- og fylkesoversikt og innsamla  totaltbeløp sentralt. Her finn du òg kommunekampen med beløp pr. innbyggjar og oversikt over andre givarar.

Les meir om TV-aksjonen på www.blimed.no