nonlenfrdeites

Høyring på forskrift om jakt og fangst av bever i Åseral kommune

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

pdfForslag_til_forskrift_om_jakt_og_fangst_av_bever_i_Åseral.pdf

 Nye regler for beverforvaltning

 15. mai 2017 tråtte ny forskrift om forvaltning av bever i kraft. Forskrifta stiller krav om at kommunen skal utarbeide mål for forvaltning av bever. Kommunen kan vidare opne opp for jakt på bever, dersom bestandssituasjonen tillater det. Dersom kommunen opnar opp for jakt, blir beverjakta i stor grad som annen småviltjakt utan vald og fellingsløyve. Jegerane skal rapportere rett til Statistisk sentralbyrå saman med småviltrapporteringa. Kommunen har likevel anledning til å sette kvoter og stille krav om rapportering. Kommunen kan sjølv bestemme jakttid innanfor rammene for jakt som er satt i nasjonal forskrift om jakt- og fangsttider. Kommunane må utarbeide mål og fastsette forskrift om jakt, før det kan jaktas bever.

Kommunen foreslår å opne for jakt og sette mål om å holda beverbestanden på dagens nivå.

På www.miljøkommune.no er det gitt rettleiing til korleis vi kan estimere bestanden. Ulike undersøkingar har vist at tettheten av beverkoloniar om hausten ligger på 0,25 koloniar pr. km2 i gjennomsnitt. Da kan vi regne alle typar av landskap bortsett frå bygde områder, fjell, sjø og eventuelle andre uaktuelle landskapstypar. I forvaltningssamanheng regner man med at det er 4 bever i gjennomsnitt pr. aktiv koloni. Vidare regnes et uttak på inntil 10 – 20 % som bærekraftig. Med utgangspunkt i områda til kommunens viltlag har Åseral ca. 505 km2 med terreng egna for bever. Det vil sei 126 beverkoloniar, som tilsvara 505 dyr.

Kommunens inntrykk er at beverbestanden har vært stabil i lang tid. Det har ikkje vært registrert felte bever i jakttida dei siste åra og det er ikkje vært nokon søknader om skadefelling av bever.

Kommunen meiner at beverbestanden produserer et haustingsverdig overskudd, jf. Lov om forvaltning av naturens mangfald (NML) § 16, og at nivået på dagens uttak ligger langt under grensa for når det er fare på ferde for at forvaltningsmålet for arter ikkje vil bli nådd, jf. NML § 5. Den samla belastninga på økosystemet vil ikkje auke, jf. NML § 10. Det er derfor ikkje nødvendig å ta i bruk føre-var prinsippet, jf. NML § 9. Konklusjonen vår er at vi kan opne for jakt, og vi meiner også at det ikkje er nødvendig å sette kvote.

Høyring

Dette brevet går til kommunar og organisasjonar som vi reiknar med har interesse av beverforvaltning. Dersom det oppdagas berørte partar som ikkje er hørt, men som burde hatt brevet, ber vi om at det bli formidla vidare.

Høyringa blir også kunngjort på kommunens nettsider.

Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 38 28 58 00 Internett: www.aseral.kommune.no Åseral kommune Gardsvegen 68, 4540 Åseral Telefaks: 38 28 58 01 E-post: Org.nr.: 964 966 842

 Høyringsfristen er 30 august i år.

Innspel sendast på e-post eller vanleg post:

 

  1. Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL