nonlenfrdeites

Kartlegging og verdisetting av friluftslivsområde Åseral – høyring

Publisert . Sist endret . Posted in Varsling/Kunngjering

Åseral kommune har etter vedtak i Kommunalutvalet gjennomført ei kartlegging og verdisetting av kommunen sine friluftslivområder. Bakgrunnen for dette arbeidet er ei nasjonal målsetting om at flest mogleg kommunar skal ha gjennomført ei slik kartlegging og verdisetting innan 2018. Dette ser ein og att i Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2020 som har same mål for alle kommunar i Vest-Agder. Det er ein føresetnad at kommune har kartlagt og verdisett sine friluftslivområder før ein kan sette i gong arbeidet med etablering av skuterløyper.

Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe som har leia kartleggingsarbeidet. Ein har henta inn informasjon og lokal kunnskap i ulike delar av kommunen for å sikre ei så heilskapleg kartlegging som mogleg. Med utgangspunkt i dette har arbeidsgruppa vurdert relevant informasjon, kartfesta areala og skildra områda. Det er status på bruk av områda kartlegginga seier noko om. Kvart av områda er vurdert ut frå kriteria som er lista nedanfor og fått ein verdi. Kartlegginga er gjennomført etter retningsliner i Miljødirektoratet sin veileiar.

Nå vil ein søke å kvalitetssikre arbeidet gjennom ei offentleg høyring. Du kan bidra til arbeidet ved å sjekke at «dine» områder er med!
Har du innspel eller merknader til dei kartlagde og verdsette områda og/eller saknar du noko som burde vore med? Kartlegging er digital, og du finn lenke til kartoversikt på kommunen si heimeside. Sjå særleg på avgrensingar av områda og verdisettingskriteria.

Områdetype
Kvart einskild område har blitt definert som eit av desse områdetypane:

• Nærturterreng
• Leik- og rekreasjon
• Grønkorridor
• Marka
• Strandsone med tilhøyrande sjø og vassdrag
• Jordbrukslandskap
• Utfartsområde
• Store turområde med tilrettelegging
• Store turområde utan tilrettelegging
• Særlege kvalitetsområde
• Andre friluftsområde

Verdi
Verdivurdering er gjort etter desse 7 kriteria:
• Brukarfrekvens
• Regionale og nasjonale brukarar
• Kvalitetar i høve til opplevingar
• Symbolverdi
• Funksjon
• Kor godt eigna området er til friluftslivaktivitet
• Tilrettelegging

Verdi A, B eller C
På bakgrunn av verdsettingskriteriene får kvart av områda ein av desse verdiane:
• A = svært viktig friluftslivsområde
• B = viktig friluftslivsområde
• C = registrert friluftslivsområde

Kvalitetar som gir høg verdi kan til dømes vere område som har mykje bruk, eller har mange særskilde kvalitetar. Vidare vil område med lang tradisjon som turmål, mindre område som har ein viktig funksjon som utgangspunkt for turaktivitet, eller område som er godt tilrettelagt for menneske med redusert funksjonsevne bli verdsett høgt. Små eller store område som er spesielt fine for enkeltaktivitetar det ikkje finnes alternativ til, er òg verdifulle.

Digital kartoversikt med tilhøyrande informasjon finn du på her.

Ta kontakt (per e-post eller per tlf. 958 45 100) dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å finne fram i kartet.
Innspel til handlingsprogrammet må sendast skriftleg pr. brev eller e-post til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral eller . Frist 1.oktober 2017.