nonlenfrdeites

100 % engasjement som planleggar innan kulturminne og arealplan i Audnedal, Hægebostad og Åseral kommunar

Publisert . Sist endret . Posted in Ledige stillinger

Stillinga er knytt til ei felles satsing i indre Agder for å styrke kapasitet og kompetanse på planarbeid. Dette er eit samarbeid mellom Hægebostad, Audnedal og Åseral kommunar og Vest-Agder fylkeskommune. Me søkjer ein planleggar som kan samarbeide og få folk med seg, kan organisere og gjennomføre plan- og utviklingsarbeid, tenke nytt og vere tydeleg.Stillinga er organisert etter vertskommunemodellen, der Åseral er vertskommune. Engasjementet varer til 31.12.2019.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • Relevant praksis

Nyutdanna vil òg bli vurdert.

Stillinga vil i hovudsak innebere arbeid med kulturminneplanar, reguleringsplanar og stadutvikling. Anna plan- og utviklingsarbeid må påreknast.

Vi ønskjer ein planleggar som:

  • er sjølvstendig, løysingsorientert, fleksibel og engasjert
  • taklar omstillingar og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • har god IKT-kompetanse

Vi kan tilby:

  • ei interessant og krevjande stilling med høve til å ta i bruk brei fagkompetanse
  • eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter avtale og god pensjonsordning

I stillinga må det påreknast ein del reiseverksemd. Det er derfor ein føresetnad at den som vert tilsett har førarkort og disponerer bil.

Tilsetting

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for denne type arbeid. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk.

Kontaktpersonar

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Astrid Marie Engeli (tlf. 476 58 969) eller einingsleiar Hilde Stuestøl Berg (tlf. 950 56 310)

Søknad

Søknad og CV kan du berre sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema på Åseral kommune si heimeside

SØK HER

 

Søknadsfrist: 1. mars 2018