nonlenfrdeites

Ferievikarer innan pleie, rehabilitering og omsorg sommaren 2018

Publisert . Sist endret . Posted in Ledige stillinger

Åseralsheimen/kjøkken og heimetenesta treng ferievikarar sommaren 2018. Me ønskjer pliktoppfyllande og engasjerte personar inn i våre fagmiljø. Opplæring vil bli gitt etter avtale.

I tidsromet 18. juni (veke 25) til 12. august (veke 32) treng me:
- Sjukepleiarar
- Vernepleiarar
- Helsefagarbeidarar
- Kokk
- Studentar/elevar innan helsefag, eller andre med relevant arbeidserfaring.

Erfaringsvis treng me vikarar som kan jobbe fleire helgar, til dømes annankvar helg i ferieperioden, og vil prioriterer desse framfor andre søkjarar. Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med lønn iht hovudtariffavtalen. Studentar med relevant studium får ekstra lønstillegg.Søkjarar må opplyse om dei har førarkort.

Nærare opplysningar kan ein få hos leiar Britt Enny Haugland - Eller på tlf 38 28 59 20/ 90257071 (omsorgskontoret).

Søknad skal skrivast på elektronisk søknadsskjema som du finn i lenka under.

SØK HER!

Søknadsfrist: 28.02.18