nonlenfrdeites

Stilling ledig: Hjelpepleiar/helsefagarbeidar 13% helg - fast

Publisert . Sist endret . Posted in Ledige stillinger

Eining for pleie- rehabilitering og omsorg søkjer etter:
Hjelpepleiar/helsefagarbeidar ca 13% helg - fast.

Faglege kvalifikasjonar:
* Godkjent utdanning omsorg/helsefagarbeidar

Ønskjelege kvalifikasjonar:
* Gode samarbeidsevner
* Fleksibel
* Evne til å arbeida sjølvstendig
* Beherskar data (elektronisk dokumentasjonssystem)

Sykepleierstundenter kan søkje på stillinga, og vil kunne bli vurdert.
Den som blir tilsett må ha førarkort.

Vi kan tilby:
• ei interessant og krevjande stilling med høve til å ta i bruk brei fagkompetanse i eit fagmiljø under utvikling
• tilrettelegging for vidareutdanning og fagleg oppdatering
• eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
• fleksibel arbeidstid
• løn etter avtale og god pensjonsordning

Intervju
Søkar må vere førebudd på å stille til intervju på kort varsel.
Ta med originale dokumenter, attester og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentleglova § 25.

Tilsetjing:
Tilsettinga skjer i samsvar til gjeldande lover, reglar og avtaleverk. Løn etter avtale i forhold til utdanning og praksis. Har du behov for ein stad å bu, barnehageplass eller andre ting, er vi førebudd til å hjelpe deg. Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement.

Kontakt:
Spørsmål kan rettast til einingsleiar Britt Enny Haugland tlf. 977 94 602.
Søknad skal skrivast på elektronisk søknadsskjema.
ELEKTRONISK SØKNADSSKJEMA

Søknadsfrist: 30.06.2017