nonlenfrdeites

Stilling ledig: Einingsleiar for Åseral barne- og ungdomsskule

Publisert . Sist endret . Posted in Ledige stillinger

Spanande stilling som einingsleiar for Åseral barne- og ungdomsskule
Fast 100% stilling – ledig frå 01.08.17.

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival og Bygdeutstillinga mange tilreisande til bygda. Sommaren 2010 opna Minne Åseral kultursenter i Kyrkjebygd. Kulturhuset romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og
basseng. Uteområdet er under utbygging der mellom anna ny fotballbane og friidrettsarena stod klar sommaren 2013. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvtanna times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Åseral barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med SFO og vaksenopplæring. Skulen er organisert i team omkring hovudtrinna. Totalt er det om lag 130 elevar. Lokala er nyleg renoverte og avdelinga for ungdomsskulen er heilt ny. Skulen sitt motto er: Tryggleik , trivsel og læring.

Skulen har fokus på elevane sitt læringsutbytte og tilpassa opplæring. Lærarkvalitet og god leiing har stor betydning for resultata hos elevane, og vi arbeider godt med utviklingsarbeid.

Skulen sine satsingsområder er:
• Leiing på alle nivå
• Læringsfremmande åtferd
• Grunnleggjande dugleik – lesing i fokus
• Vurdering for læring

Einingsleiar er ei interessant og krevjande stilling med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit fagmiljø under utvikling.

Åseral kommune søker etter ein einingsleiar som:
•Har stor interesse for å vidareutvikle skulen saman med personalet
•Kan, vil og tør utøve tydeleg fagleg og pedagogisk leiing
•Ser elevane, lærarane og lokalmiljøet som ein ressurs
•Ser verdien av eit godt skule-heim samarbeid.
•Har fokus på åpenhet, samarbeid, inkludering og nytenking
•Er ein pådrivar for kommunale og sentrale målsetjingar
•Er oppteken av å bygge kompetansenettverk, intern struktur og rutinar

Åseral kommune tilbyr:
•Samarbeid på tvers i eininga og med andre einingar i kommunen
•Samarbeid med Kompetansesenter sør
•Opplæring og rettleiing i jobben
•Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
•God lønn/pensjonsordning
•Personalbustad og rimelege bustadtomter om ønskjeleg

Stillinga inneber fullt driftsansvar for skulen i samsvar med tildelte fullmakter. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og levekår og sit i rådmannen si utvida leiargruppe. Søkjar må ha godkjent pedagogisk utdanning, erfaring med pedagogisk arbeid, gode leiareigenskapar og kommunikasjonsevne.
Leiarutdanning og kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel.

Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing.

Søknad og CV kan berre sendast ved å nytta elektronisk søknadsskjema. Ved spørsmål om sending av søknad kan Åseral servicekontor kontaktast (tlf. 38 28 58 00).

SØK HER!

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju, rettkjende attestar og vitnemål skal då takast med.

Ved tilsetjing må det leggjast fram tilfredsstillande politiattest.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Dagne Ropstad
tlf. 928 89 280, ().

SØKNADSFRIST 30.04.2017