Kommunelogo

FERIEVIKARAR

profilelement 1Eining for pleie- rehabilitering og omsorg søker etter ferievikarar for sommaren 2015. Me ønskjer pliktoppfyllande og engasjerte personar inn i våre fagmiljø. Opplæring vil bli gitt etter avtale.

I tidsromet 22. juni (veke 26) til 16. august (veke 33) treng me:

- Sjukepleiarar
- Vernepleiarar
- Helsefagarbeidarar
- Kokk
- Studentar/elevar innan helsefag, eller andre med relevant arbeidserfaring.

I søknaden må du opplyse om:

- Tidsromet du kan arbeida i
- Dersom det er tidsrom i ferieperioden (veke 26 – 33) du ikkje kan arbeida i, må dette spesifiserast i feltet ”Generelt”.
- Vikarar som kan arbeide minst 4 veker samanhengande vil bli føretrekt.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med lønn iht hovedtariffavtalen. Studentar med relevant studium får ekstra lønstillegg. Søkjarar må opplyse om dei har førarkort.

Nærare opplysningar kan ein få hos leiar Britt Enny Haugland . Eller på tlf 38 28 58 00/ 38 28 59 20.

Søknad skal skrivast på elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist: 26.02.15