Fastsetjing av nye vegnamn i kommunen for tildeling av vegadresser

For å få innført eit einsarta adressesystem i heile landet skal no 19 nye vegar i kommunen namngjevast. Målet er å ha eit einskapleg adressesystem, slik at det blir enklast mogleg å finna fram. Det er kommunane som er offisiell adressemyndigheit på kommunale anlegg og som fastsett adressa.
Avdeling for drift og utvikling er kommunens adressemyndigheit medan avdeling for oppvekst og kultur er kommunens namnemyndighet, og har saman utarbeidd ei liste med namneforslag på dei 19 vegane. Det er både namneval og skrivemåte som er oppe til handsaming.
Kart over områda vil vere tilgjengeleg på Servicekontoret, Minne kultursenter og på kommunens heimeside fram til høyringsfristen 24. mai.
Det er verdt å merke seg at denne namnsetjinga har direkte innverknad på adressa til dei som har bustad/fritidsbustad langs desse vegane. Dersom rørte partar ynskjer moglegheit til å påverka kva for namn deira adresse skal ha, gje innspel eller kom med forslag og send skriftleg til:
eller e-post til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
innan 24.05.2013. Merkast 2013/217.
Her finn du liste over dei 19 vegane, med tilhøyrande kart:












