Utskrift

Sykkelhjelm-kampanje

SykkelhjelmNullvisjonen ønsker økt bruk av sykkelhjelm, og selger hjelm til nedsatt pris ut august! Kr 150,- pr stk. Gjelder både barnestørrelse og voksenstørrelse! Hjelm fordeler trykket, og reduserer risikoen for alvorlige hodeskader med 70%.

Utskrift

Kommunalt utdanningsstipend 2012-2013

BøkerHugs å levere karakterutskrift eller anna dokumentasjon på at skuleåret/læreåret er fullført for å få utbetalt 2. halvår av stipendet. Hugs undeskrift og stempel. Frist 27. juni 2013. Ved spørsmål ta kontakt med servicekontoret på tlf 38 28 58 00.

Utskrift

Slik vert "Åseralsdropsa" til

ÅseralsdropsKvart år tingar kommune 32 kg med drops med skrifta "Åseral" i midten. Grøne - sjølvsagt. Her kan du sjå korleis dei populære "Åseralsdropsa" vert til på Bolcheriet i Skagen. Handarbeid frå byrjing til slutt!

Utskrift

Høyring av søknad med konsekvensutgreiing for Åseralprosjektene

FlaumNVE har motteke søknad frå Agder Energi Vannkraft om eit nytt aggregat i Skjerka kraftverk, Ny tunnel Langevatn-Nåvatn med Øygard kraftverk og Kvernevatn kraftverk og Ny dam —økt regulering av Langevatn. Søknaden blir sendt på høyring til alle som saka vedkjem. Høyringsfrist er 10. september 2013. NVE vil halde eit ope møte i fleirbrukshallen ved skulen (gamal gymsal) den 18. juni kl 19:00. Bruk gjerne nettsida til NVE når de sender fråsegn. pdfLes meir her

Utskrift

Beitetakseringskurs 27-28. mai

Beiteskade1Minner om kurs i beitetaksering! Kurset blir måndag 27. mai kl. 18.00 på Rådhuset. Tirsdag 28. mai blir det ute i felt.

Påmelding og info: ingunn.kile@åseral.kommune.no/94 52 98 91

Utskrift

Flaumvarsel for Åseral

FlaumAgder Energi melder at det er fare for flaum i samband med helga på grunn av store nedbørsmengder kombinert med snøsmelting i fjellet. Det er venta mest vassføring i vassdraget Monn (Ljoslandsdalen) og det er venta ein flaumtopp rundt lunsjtider laurdag 18. mai. Det kan vere tale om 1 meter auka vassstad i Øre i høve til normalen. Dette varselet er sendt ut i høve til vervarsel og er difor ikkje sikkert.

Utskrift

UTLYSING AV TILSKOT TIL LØYPEKØYRING 2012/2013

SkiturÅseral kommune tildeler tilskot til løypekjøring for sesongen 2012/2013. Søknad med oversikt over løypelengde, antal timar, maskinbruk og dokumenterte utgiftar sendast Åseral kommune v/Friluftsmedarbeidar i post eller epost til: Servicekontoret, Gardsvegen 68, 4540 Åseral eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. .

Søknadsfrist 30. mai 2013