Fossefall ved Breland

Utskrift

Kjøp av digitale kart

KartÅseral kommune har i samarbeid med Lindesnesregionen, lagt opp sjølvbetjening på kjøp av digitale kartdata. Det fine med dette er at du vil kunne få tak i kartdata 24 timar i døgnet.

Du vil oppleve at oversiktsbildet du kjem inn i, ikkje alltid er oppdatert. Likevel vil dei data for det området du vel, vere oppdaterte data. Er du i tvil gå inn og sjå på kartet som ligg tilgjengeleg på Åseral kommune si heimeside: http://www.kart.ddv.no/gislinewebinnsyn_lr/

Digitale kart er nok mest for den profesjonelle brukar; typisk utbyggarar, entreprenørar, hyttefirma og liknande. Data kan leverast på sosi-fomat eller DXF. Prisen på digitale kart er avhengig av storleik på arealet og data innafor angitt område. Faktura blir sendt direkte frå Norsk Eiendomsinformasjon AS, via ein nasjonal formidlingskanal som heiter Infoland.

Bestill kart på:  http://tema.webatlas.no/Åseral/Kartbestilling

Er det problemer med dette, ta kontakt med Åseral kommune!