nonlenfrdeites

Valdagen for Stortingsvalet i 2017 er måndag 11. september.

I kvar kommune er det eit valstyre oppnemndt av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkeavrøystingar.
I Åseral kommune har valstyret 5 medlemmar, alle partier i kommunestyret er representert.

Medlemmene i valstyret er:
Oddmund Ljosland (Sp), leiar
Lisbeth Thorsland (KrF), nestleiar
Olav Åsland (Ap)
Gro Boge Aasheim (H)
Eirin Åsland (Sp) - vara Bjarne Haugstad frå 1. juli

Sekretærfunksjonen ligg hjå servicekontoret  v/Janne Thorsland Elvenes og Tove Utengen


 

Førehandsrøysting

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webMåndag 10. august – fredag 11. september, kl. 08:00 – 15:00.
Sundag 30. august, kl. 13:00 - 16:00
Åseral kommune - servicekontoret, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL. Hugs legitimasjon og valkort.


Manntal

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webManntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset måndag 13. juli (eller så fort oppdatert manntalet er tilgjengeleg for kommunen). Det er folkeregisteret den 30. juni i valåret som er grunnlaget for manntalet.

Røyste heime?

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webSjuke og uføre som ikkje kan røyste i ordinært vallokale, kan røyste i heimen/eller der vedkomande oppheld seg. 
Kontakt servicekontoret (tlf. 38 28 58 00) eller valstyrets leiar, Oddmund Ljosland (tlf. 474 69 292) om ambulerande røysting er ynskjeleg.

Åseralsheimen

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webI samband med Open dag vil det vere mogleg å førehandsrøyste på Åseralsheimen tysdag 8. september kl. 10:00 – 13:00.