nonlenfrdeites

Valdagen for Stortingsvalet i 2017 er måndag 11. september.

I kvar kommune er det eit valstyre oppnemndt av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkeavrøystingar.
I Åseral kommune har valstyret 5 medlemmar, alle partier i kommunestyret er representert.

Medlemmene i valstyret er:
Oddmund Ljosland (Sp), leiar
Lisbeth Thorsland (KrF), nestleiar
Olav Åsland (Ap)
Gro Boge Aasheim (H)
Eirin Åsland (Sp) - vara Bjarne Haugstad frå 1. juli

Sekretærfunksjonen ligg hjå servicekontoret  v/Janne Thorsland Elvenes og Tove Utengen


 

Førehandsrøysting sundag 30. august:

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webHar du vanskeleg for å førehandsrøyste i vanleg opningstid? Fyrstkomande sundag er servicekontoret ope for førehandsrøysting i fylgjande tidsrom: kl. 13:00 - kl. 16:00.

Førehandsrøystinga er i gong!

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webFørehandsrøysting
Måndag 10. august – fredag 11. september, kl. 08:00 – 15:00 og sundag 30. august kl. 13:00 - 16:00.
Åseral kommune - servicekontoret, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL. Hugs legitimasjon og valkort.
Du kan førehandsrøyste i alle landets kommunar.

Røyste heime?
Sjuke og uføre som ikkje kan røyste i ordinært vallokale, kan røyste i heimen/eller der vedkomande oppheld seg. 
Kontakt servicekontoret (tlf. 38 28 58 00) eller valstyrets leiar, Oddmund Ljosland (tlf. 474 69 292) om ambulerande røysting er ynskjeleg.

Åseralsheimen
I samband med Open dag vil det vere mogleg å førehandsrøyste på Åseralsheimen tysdag 8. september kl. 10:00 – 13:00.

Opningstider valdagen måndag 14. september

Kyrkjebygd Åseral rådhus kl. 11:00 - 19:00
Kylland Kylland grendehus kl. 11:00 - 19:00
Lognavatn Lognavatn grendehus kl. 11:00 - 19:00

Rådgjevande folkeavrøysting:

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

profilelement 1I samband med pågåande kommunereformarbeid har kommunestyret vedteke å halde rådgjevande folkeavrøysting. Folkeavrøystinga skal gå føre seg samstundes med kommunestyre- og fylkestingsvalet, måndag 14. september (same vallokalar og opningstider).

I tillegg til veljarar som har røysterett ved ordinært val, har kommunestyret gitt ungdommar frå fylte 16 år valåret (født i 1998 og 1999) røysterett.

På lik line med kommunestyre- og fylkestingsvalet har du høve til å røyste i folkeavrøystinga i førehandsrøystperioden. Hugs legitimasjon. Valkort er ikkje naudsynt. Det er ikkje mogleg å røyste på folkeavrøystinga om du vel å førehandsrøyste i annan kommune. Dersom du ynskjer å sei di meining i saka må du oppsøkja eigen kommune.

Spørsmål som vert stilt er: Kva for eit prosjekt meiner du Åseral er best tent med i det pågåande kommunereformarbeidet?

ÅSERAL BØR STÅ ALEINE

BLI EIN DEL AV MIDTRE AGDER saman med Audnedal, Hægebostad og Marnardal

BLI EIN DEL AV INDRE AGDER saman med Bygland og Evje og Hornnes

VEIT IKKJE (blank røyst)

Tidlegrøysting

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo web

Tidlegrøysting (01.07.-07.08.)

Tidlegrøysting er meint som ei ordning om du ikkje har høve til å røyste innafor ordinær førehandsrøystingsperiode eller på valdagen.

Om du ynskjer å tidlegrøyste må du kontakte servicekontoret, tlf. 38 28 58 00 for å avtale tidspunkt.