nonlenfrdeites

Valdagen for Stortingsvalet i 2017 er måndag 11. september.

I kvar kommune er det eit valstyre oppnemndt av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkeavrøystingar.
I Åseral kommune har valstyret 5 medlemmar, alle partier i kommunestyret er representert.

Medlemmene i valstyret er:
Oddmund Ljosland (Sp), leiar
Lisbeth Thorsland (KrF), nestleiar
Olav Åsland (Ap)
Gro Boge Aasheim (H)
Eirin Åsland (Sp) - vara Bjarne Haugstad frå 1. juli

Sekretærfunksjonen ligg hjå servicekontoret  v/Janne Thorsland Elvenes og Tove Utengen


 

Førehandsrøysting

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

Førehandsrøystinga finn stad på servicekontoret, Åseral rådhus, Gardsvegen 68, i tidsromet 10. august og heilt fram til fredag før valdagen. Opningstid kl. 08:00 - 15:00.
I tillegg held servicekontoret ope fylgjande sundagar for mottak av førehandsrøyster:  
27. august kl. 13:00 - 16:00 og 3. september kl. 13:00 - 16:00. Tysdag 5. september er vi tilstades på open dag, Åseralsheimen for mottak av førehandsrøyster. Sjuke og uføre som ikkje kan røyste i ordinært vallokale kan røyste i heimen sin/eller der vedkomande oppheld seg. Kontakt servicekontoret, tlf. 38 28  58 00 for å avtale tid.
Du kan førehandsrøyste i alle landets kommunar.

Stortings- og sametingsvalet 2017

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

Står du i manntalet?

For å røyste må du stå i manntalet. Har du meldt flytting frå ein kommune til ein annan innan 30. juni 2017, vil du stå i manntalet i kommunen du flytter til. Har du meldt flytting etter 30. juni 2017 er du manntalsført i kommunen du flytter frå. Skjæringsdato er 30. juni og mottaksdato for flyttemeldinga er avgjerande. Manntalet er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Åseral rådhus i tidsromet 11. juli - 8. september 2017. Har du merknader/klage på oppføringa i manntalet, må du venda deg skriftleg til: Åseral kommune v/valstyret, Gardsvegen 68. 4540  ÅSERAL /

 

 

 


  

 

Stortingsvalet 2017 - måndag 11. september 2017

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

OPNINGSTIDER VALDAGEN:
Kylland grendehus (Dalevegen 1080) kl. 11:00 – 19:00
Lognavatn grendehus (Austegardsvegen 11) kl. 11:00 – 19:00
Åseral rådhus (Gardsvegen 68) kl. 11:00 – 19:00

KVEN KAN RØYSTE?
Norske statsborgarar som fyller flg. vilkår:
a) har fylt 18 år innan utgangen av 2017
b) ikkje har mista røysteretten etter Grunnlovas § 53 og
c) er, eller har nokon gong vore, folkeregistrert som busett i Noreg
For å utøva røysteretten må veljaren vere innført i manntalet i kommunen valdagen.

STÅR DU I MANNTALET?
For å røyste må du stå i manntalet. Har du meldt flytting frå ein kommune til ein annan
innan 30. juni 2017, vil du stå i manntalet i kommunen du flytter til. Har du meldt flytting etter 30. juni 2017 er du manntalsført i kommunen du flytter frå. Skjæringsdato er 30. juni og mottaksdato for flyttemeldinga er avgjerande.

Manntalet blir lagt ut til offentleg gjennomsyn i på rådhuset fyrste halvdel av juli.
Har du merknader/klage på oppføring i manntalet, må du vende deg skriftleg til:
Valstyret i Åseral, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL /

TIDLEGRØYSTING (3. JULI – 9. AUGUST):
Åseral servicekontor, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL. Hugs legitimasjon. (Du har ikkje fått valkort i dette tidsromet). Tidlegrøysting er meint som eit tilbod til deg som ikkje har høve til å røyste innanfor ordinær førehandsrøystingsperiode eller på valdagen.
Om du ynskjer å tidlegrøyste må du kontakte servicekontoret, tlf. 38 28 58 00, for å avtale tidspunkt.

FØREHANDSRØYSTING (10. AUGUST – 8. SEPTEMBER):
Åseral servicekontor, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL. Hugs legitimasjon og valkort.
I tillegg held servicekontoret ope sundag 27. august og sundag 3. september kl. 13:00 – kl. 16:00
for førehandsrøysting. Du kan førehandsrøyste i alle landets kommunar.

RØYSTE HEIME?
Sjuke og uføre som ikkje kan røyste i ordinært vallokale, kan røyste i heimen sin/eller der vedkomande oppheld seg.
Kontakt servicekontoret (tlf. 38 28 58 00) for å avtale tid.

ÅSERALSHEIMEN
I samband med Open dag vil det vere mogleg å førehandsrøyste på Åseralsheimen
tysdag 5. september kl. 10:00 – 13:00. Det vil ikkje vere førehandsrøysting på rådhuset i dette tidsromet. Hugs legitimasjon og valkort.

LENKER:
Vallister og kandidatar 2017 https://www.regjeringen.no/no/portal/valg/valglister-og-kandidater-2017/id2556253/
Valg.no https://www.regjeringen.no/no/portal/valg/id456491/
Valgresultat.no http://valgresultat.no/

Fordeling etter valet

Publisert . Sist endret . Posted in Val 2017

val logo webTingingar mellom KrF og SP har gitt følgjande avklaringar.

Ordførar: Oddmund Ljosland SP

Varaordførar: Anne Lisbeth Thorsland KrF

Hovudutval teknisk/næring: Krf får 2 representantar med Jan Stangvik som leiar. Dei andre partia får 1 repr kvar.

Hovudutval oppvekst/omsorg: Fordeling i høve til valresultatet (SP 2, KrF 1, AP 1, H 1). SP får leiar.