Ordføraren si side

Publisert . Sist endret . Posted in Ordførar

ORDFØRARSIDÅ DESEMBER 2017

Gode lesarar.

Det har kanskje noko med alderen. Eit år går frykteleg fort. Litt av forklaringa er gjerne varierte og spanande oppgåver i kvardagen. Medan eg skriv dalar snøen ned på utsida. Kaldt ver og nok snø ynskjer store og små. Årstidene er viktige for oss. Denne variasjonen trivest vi med, og i desember lyser snøen opp.

VÅR NESTE

Vi lever på ei grøn grein i Noreg. Våre utfordringar er heilt annleis enn det som gjeld fleirtalet av land og folk på jorda. Samstundes veit vi at fleire blir fattige, og i Stortinget blir det diskutert kven av flyktningane som skal sendast heim att. Dei fleste av desse har opplevd meir vondt enn nokon av oss kan setje oss inn i. Kva hedde skjedd viss svenskane hadde stengt grensa for nordmenn under andre verdskrigen? Kor egoistiske er det akseptert at vi kan vere for å spare utgifter for eige land? Spørsmåla er alvorlege og mange.

Både våre nye landsmenn og mange av våre eigne treng omsorg og omtanke i kvardagen. Derfor er eg takksam for at eg i denne Åsdølen har fått lov til å ta med 3 bøner frå gudstenesta i Åknes kapell, 3. desember. Bønene var skrivne av tri jenter i Austegard. Les dei og tenk over innhaldet. Bønene famnar om det viktigaste, og eg utfordrar oss alle til å gjere noko ekstra for «vår neste» denne jola.

DEI FRIVILJUGE

I Austrud har Frivilligsentralen no hatt butikk i Oppas hus i eit år. Det er berre å glede seg over kva de har fått til. Næraste nabo er Mental Helse i Hildas hus. Også Mental Helse gjer noko for einskildmennesket. Her får du omsorg, og her møter du menneske som har tid til å snakke med deg. Ordførar kjem snart på vitjing til dykk. Lukke til i eit viktig arbeid!

Til de andre friviljuge er det berre å seie; de er uerstattelege, og Åseral hadde ikkje vore det kommunen er utan dykkar innsats. De er i ulike lag og foreiningar, og eg nyttar joleutgåva av Åsdølen til å takke! Arbeidet de gjer betyr mykje for livskvaliteten til langt fleire enn de tenkjer.

GLEDER

Eg gler meg over at vi har fått ladestasjonar på Bortelid og i Kyrkjebygd. Planen er å gå vidare i Eikerapen og på Ljosland. Ny PRIX butikk let seg og høyre. Det er flott at utviklinga har gitt større omsetnad slik at vi får eit nytt tilbod lokalt med lågare priser. Då må vårt tilsvar vere å handle lokalt. Gløym heller ikkje at feriegjester og hyttefolk er litt av forklaringa på veksten i lokal handel.

Eg gler meg og til Åseral Nord – prosjektet. Offisielt er endeleg handsaming i konsernstyret i Agder Energi 20. desember. Slik det ligg an no er det arbeidsfellesskapet Implenia og Risa som vil utføre arbeidet (intensjonsavtale med AEVK er gjort). Framdrifta er tenkt slik at start tunnellarbeid blir i løpet av januar. Fram mot jol held arbeidet med veg til nytt båtopptrekk Langevatn fram. I haust er og ny veg frå Bergevad mot Gloppedalen bygt. Dette arbeidet blir gjort av TT Anlegg AS. Vi kjem attende til Åseral Nord i 2018 – og i åra framover. Ordførar vonar at vi kan optimalisere prosjektet slik at vi sit att med mykje verdifull infrastruktur, samstundes som vi har lagt til rette for hyttebygging og arbeidsplassar i mange år framover. Vi skal heller ikkje gløyme dei ekstra arbeidsplassane som vi får under gjennomføringa av prosjektet. Eg gler meg til å følgje Åseral Nord framover. Sjølv er eg overtydd om at ÅN vil lyfte området Bortelid - Ljosland og heile Åseral i høve til reiselivet. Vegsamband og kobling av løypenettet er strategiske grep som vil lyfte Åseral Nord ein divisjon!

FRAMTIDA

I overgangen til eit nytt år vil det alltid vere interessant å sjå attende på året som ligg bak, samstundes som fokuset blir retta framover. Kva vil vere dei største utfordringane for Åseral i 2018?

Nytt omsorgsbygg er i finalen før endeleg vedtak. Prosjektet har ein kostnad som gjer at den økonomiske handlefridomen dei neste åra blir redusert. For ordførar er det positivt at det er brei politisk semje så langt. Endeleg vedtak, etter at prosjektet har vore ute på anbod, blir i øpet av første halvår 2018.

Statsbudsjettet er inga god lesnad for kraftkommunar. No vart resultatet betre enn det såg ut i starten, men mykje av skattesystemet som er heilt avgjerande for kraftkommunane, er sett i spel. Det er og eigedomsskatten – den einaste skattearten kommunen sjølv kan styre. Til saka høyrer og med at to av regjeringspartia fører ein politikk der ressursane vert flytta frå distriktskommunar (som ofte er kraftkommunar) til dei folkerike kystkommunane. Alvoret for dei vel 300 kommunane som har valt å gå vidare åleine er at regjeringa har ein strategi om å bruke økonomien til å tvinge kommunane saman. Det må alle lokalpolitikarar ta inn over seg – i alle politiske parti! Kommunalutvalet deltek 18. og 19. januar på regionmøte i LVK. Neste år blir eit avgjerande år for kraftkommunane. Statsbudsjettet utløyser mange spørsmål, og i skrivande stund er der mykje forvirring om kva som ligg i dei ulike punkta i budsjettforliket. I forkant av budsjettforliket reiste og varaordførar og ordførar til Oslo og deltok i fakkelmarkering framfor Stortinget. Det at over 100 ordførar og varaordførarar reiste til Oslo 8. november på kort varsel fortel om alvoret. Vi er mange som vil kjempe for den lokale beskatningsretten! Historieløysa i kraftspørsmål begynner og å bli merkbar på Stortinget. Derfor seier både sekretariat og leiar i LVK: «LVK har aldri gjennom 40 år hatt større utfordringar». Tverrpolitisk jobbing blir no avgjerande!

JOLEHØGTIDA

Advent tyder at noko skal kome. I kristen tyding er det at Jesus vart fødd jolaftan. Vi talar om kristen tru og tradisjon. Dei kristne høgtidene som jol og påske står framleis sterkt. Rett nok har ulike generasjonar feira høgtidene på ulikt vis. No har velstanden gjort at jola og har fått eit sterkare materielt fokus. Det har fått den konsekvensen at vi druknar i gåver. Korleis kan vi då ta vare på kristen tru og tradisjon i 2017?

Ei stor endring i samfunnet er og at vi har blitt fleire nasjonaliteter med ulike religionar. Då er det viktig at vi fortel og praktiserer våre joletradisjonar. Til det høyrer gudstenester og joletrefestar. Eg veit sjølvsagt at ikkje alle ynskjer å praktisere dei kristne tradisjonane. Ingen tving oss heller til det, men nye landsmenn har lært meg at dei heller stussar på kvifor vi norske ikkje er meir opptatt av å fortelje om det vi trur på og meiner.

Jola er og høgtid for borna. Det viktigaste vi kan gje dei er ikkje gåver , men derimot tid til å leike og gjere ting i saman. Så er det og viktig å minne om det ansvaret vi har som vaksne. Vi veit at mange born gruar seg til jola fordi vi vaksne ikkje oppfører oss fornuftig. Alkohol øydelegg jola for mange. Borna og ungdomane våre fortener at vi vaksne tek ansvar og bidreg til at jola blir god og positiv for liten og stor!

Også denne ordførarsidå vart ei blanding av utfordringar, status og forventning. Slik er vel livet for oss alle. Til alle i hus og hytter takkar eg for gamleåret og ynskjer alle ei velsigna jol og eit godt nytt år i 2018! Ta vare på dei gode joletradisjonane og hugs felles leik for alle generasjonar!

Beste helsing

Oddmund

 

 

Ordførarsidå i august/september 2017

Gode lesarar!

SOMMAREN er på hell, og fleire er vi som ventar på meir sol og varme. For dei av oss som er hekta på molteplukking i august har vi sett at stiane i heia er blautare enn blautast. Ordførar vil gjerne reklamere for fellesturen til Lordehytta laurdag, 16. september. Ikkje rart eg er opptatt av at heia skal turke opp. Blå himmel i september med sol over heia i vest ynskjer eg at fleire skal få oppleve. Det gjer godt for folkehelsa. I år er det 105 – års jubileum. Vi har eit flott samarbeid med eigarane, og dei har lova «åpne dører» denne laurdagen. Eg vonar på stor oppslutnad! Lordehytta er noko heilt spesielt!

LORDEFILMEN skal ha premiere no andre helga i september. Vi er mange som ser fram til premieren. Denne type arbeid er viktig for at vi ikkje gløymer historia vår. Eg skryt av alle de som har lagt ned ein stor innsats. Verdien av slike filmar er større enn vi tenkjer oss. Fimen blir og eit positivt bidrag i utviklinga av Minne Kultursenter.

ÅSERAL NORD Som de vil sjå av oversiktsbiletet nedanfor (tatt 20. august), er oppstartsarbeidet no i gong. Medan eg skriv på sidå har eg hatt gleda av å møte konsernstyret i Agder Energi saman med fleire i leiinga. Eg fekk høve til å fortelje noko av krafthistoria frå starten av 30-talet og fram til i dag. Som ordførar ber eg eit tungt ansvar for at kraftutbyggingane blir optimale for både grunneigarar og kommune – men og for dei som har hytte eller ferierar i Åseral. Eg trur og det er viktig at styret i AE kjenner historia, også den delen av historia som er krevjande. Dei blei minna om at tal arbeidsplassar på Skjerka er redusert frå over 40 til 18. Eg har og tru på samhandling, og ser at framforhandla avtalar mellom AEVK og ÅK er eit godt utgangspunkt. Derfor vonar ordførar at det vil bli friviljuge avtalar i Åseral Nord og at skjøn ikkje blir brukt. All røynsle tilseier at semje i staden for rettssak og skjøn løner seg. Kommunen vil prioritere samarbeidet med AEVK i gjennomføringsfasen.

SKATTEINNTEKTER Kraftproduksjonen er svært viktig for Åseral. Inntektene frå denne utgjorde i 2016 rundt 48 millionar. Av desse utgjer eigedomsskatten 24,5 millionar. Ikkje rart at Åseral prioriterer arbeidet til LVK (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar). Heile Kommunalutvalet, samt rådmann og økonomisjef, reiste derfor til Tromsø på landsmøte. No skal ikkje ordførar misbruke ordførarsidå til politiske diskusjonar, men det er brei semje i kraftkommunane at vi på tvers av alle parti må kjempe for avtalte rettar. Finansministerens helsing i valdebatten er at eigedomsskatten skal bort. Olje- og energiminister, Terje Søviknes, skal vere med i den politiske debatten siste dagen av landsmøtet. Litt info frå landsmøtet (før Åsdølen gjekk i trykken) får du i denne utgåva av avisa. Landsmøtet og LVK – saker kjem vi utan tvil attende til på eit seinare tidspunkt.

INTERKOMMUNALT SAMARBEID Eg var innom temaet i førre utgåve. Åseral tok initiativ til eit møte om utfordringar i samband med kommune- og regionreformen. Møtet på Refsnes hadde ordførarar eller varaordførarar frå 11 av dei 14 inviterte kommunane. To kommunar hadde ikkje høve.
Resultatet er at desse kommunane vil fortsetje å samtale framover. Vi har kalla samarbeidet «INNLANDET AGDER», og eit arbeidsutval er oppretta.
Som mange veit har vi i fleire år arrangert «Næringslivets dag» i Åseral. I år er datoen fastsett til 24. november. Dagen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sør, Åseral Næringsråd og Åseral kommune. Programmet er under utarbeiding, men det som er klart så langt er at kommunane i «Innlandet Agder» er invitert. Toppsjefen i Sparebanken Sør, Geir Bergskaug, kjem også. Vi ser at vi er kommunar med mange felles interesser, og i tider med endringar er det ekstra viktig å samarbeide. Vi har ikkje tenkt å stå med «lua i handa» - sjølv om vi har blitt fortalt at nye kommunar vil optimalisere for eigen del først … for så å kome attende til eventuelt samarbeid. Slik tenkjer vi ikkje i «Innlandet Agder». Vi har og tru på næringsutvikling i våre kommunar, og vi er overtydd om at vi har viktige ressursar også for storsamfunnet. Blir spanande å sjå kva vi kan få til.

STORTINGSVALET Vi er glad i demokratiet vårt, og derfor vonar ordførar at vi får høg deltaking i komande val. Det ville glede meg om deltakinga i eigen kommune vart på topp i Agder. Partia har ulike prioriteringar. Du vil sikkert kunne lese mykje om dette i denne Åsdølen. Stands vil det og bli fram mot valet. Bruk stemmeretten! Eg ynskjer alle eit godt val!
TIL SLUTT Verda vi lever i har mange utfordringar. Terror råkar stadig nye område. Då er det viktig å stå saman om dei grunnleggjande verdiane Noreg er tufta på. Samstundes må vi minne kvarandre om at ressursane må delast. I verdas beste land er det utfordrande at talet på fattige born aukar. Det må vi og ta inn over oss i eit valår.

Beste helsing

Oddmund


ORDFØRARSIDÅ I JUNI 2017

Gode lesarar!

Sjølv med vind og litt vekslande ver har vi og hatt mange fine dagar no i mai/juni. Køyrer du frå hav til hei vil du sjå ein grøn natur som syner seg frå si beste side. Kombinert med ein klar og blå Himmel skjønar vi kan hende kvifor mange vil feriere hjå oss.

Ute i verda er terrorfrykten ein del av kvardagen for mange. Noreg blir sett på som ein fredeleg stad, og også dette gjer landet vårt meir interessant for utlendingane. Kor mykje vi klarer å få ut av turisten kjem an på oss sjølve. Pris og kvalitet er avgjerande. Dei som gjestar oss er ofte opptatt av kva vi lokalt kan tilby og vise fram.

SOMMAREN 2017

Når du les denne utgåva av Åsdølen har Lindesnes Trekkspillklubb gleda oss med flott musikk på Fjellhagens dag. Laurdag, 1. juli opnar Bygdeutstillinga for 45 gong. Ordførar tek av seg hatten for alle dei som har arbeidd med utstillinga i år etter år. Denne har sett Åseral positivt på kartet og gjer det framleis. Til opninga kjem det fleire gjester – mellom dei fylkeskultursjef Anne Tone Hageland og fylkesmann Stein A Ytterdal. Samhandlinga mellom mange aktørar har vore eit kjennemerke. Eg skryt av evnen til å fornye seg. Tykkjer at fokuset på snøscooteren syner dette på ein god måte. I år utfordrar eg særleg ungdomen til å vitje Minne under utstillinga. No bør temautstillinga treffe deira generasjon, og årskorta på Minne er rimelege! Studer programmet – mykje å glede seg til for alle generasjonar!

Eikerapen Roots Festival blir arrangert for 14. gong 3. – 6. august. Festivalen får hjelp av fleire hundre friviljuge frå Åseral og kommunane rundt oss. Eg er imponert over eldsjelene som klarer å få dette til, og i år blir det ekstra spanande med nærleiken til ein nyopna Eikerapen Gjestegard. Sjølv tenkjer eg å ta ei av langvaktene. Vonar at eg får den seine fredagsvakta slik at eg kan ha «bakgrunnsmusikk frå Trine Rein i ryggen». Lukke til med ver og festival!

EIKERAPEN GJESTEGARD

Gjestegarden er eit av dei største private investeringsprosjekt i Åseral nokon gong. Eg tek opp att det eg sa under opninga; prosjektet er gjennomført på grunn av Elling og på tross av mange av oss andre. Som byråkratar og politikarar skal vi utgreie og kvalitetssikre. Landet vårt er blitt som det er blitt grunna at nokon har villa. Derfor gledar ordførar seg over at Åseral Næringsråd delte ut «Grunder-prisen» til Elling på opningsdagen. Prosjektet syner pågangsmot, ein vilje av stål og realisering av ein draum og visjon. Prosjektet har potensiale til fleire lokale arbeidsplassar, og eg vonar at vi alle kan gje drahjelp til våre bedrifter i denne bransjen. Då tenkjer eg t.d. på Fjellstova, Lordestova eller Gjestegarden som viktige aktørar. Viss desse reiselivsbedriftene leverer kvalitet i alle ledd – då er utgangspunktet for auka omsetnad til stades. Slik kan vi få vekst innan reiselivet i Åseral. Lukke til frå fyrste dag!

LOKAL KULTUR

9. juni var det plateslepp i Espelid. Kari Røynlid og Mari Ormberg presenterte innslag frå nyleg utgitt CD – «Den store stuten». Regnet plaska ned, og eg sleit med å finne ut om fotograf Tor Reidar sveitta eller sleit med å halde hovudet fritt for vatn. Uansett var kvelden heilt topp. God lyd med framifrå  musikinnslag! Mattrioen frå Sogelaget; Arna, Turid og Gudrun er i same toppdivisjonen som musikarane. Vel har dei Nils på laget – men likevel…

Takk til Kari og Mari. Eg heiar på dykk og vonar de finn tid til å framføre lokal musikk frå Åseral i mange samanhengar. Det de har gjort er heilt avgjerande for at song- og musikktradisjonen i Åseral blir tatt vare på og vidareført. Eg heiar og på Marit Haug Røynlid som imponerte oss med sitt felespel! Kjempeflott!

OVER SOMMAREN

Vi ser fram til ein god og varm sommar. Hausten blir spanande i høve til mykje som er på gong. Tilrettelegginga for Åseral Nord vil starte over ferien. Endeleg styrevedtak i Agder Energi (Åseral Nord – prosjektet) vil kome seinast i november. I oppstartsarbeidet ligg arbeid på delar av vegen til Langevatn, bygging av veg mot båtopptrekk Langevatn og bygging av veg til tverrslag vest for Øvregardsbrua.

I august vil arbeidet med erstatningsveg for «veg» over Nåvatndammar starte. Når ny trafo kjem på plass i trafostasjon Honna er usikkert. Det andre arbeidet her er i rute, og vi ser etter kvart korleis dei nye linjene tek form. 

Stortinget har gjort vedtak om kommune- og regionreform. Det ligg i korta at endringane på Agder vil ha konsekvensar for mange kommunar. Derfor har eg sendt ein invitasjon til 14 kommuar på Agder. Møtet blir eit ordførarmøte no i slutten av juni. Temaet er kva konsekvensar endringane får i høve til interkommunalt samarbeid. Tenkjer at det er best å vere offensive. Har fått mange attendemeldingar om at initiativet blir sett pris på. 

På heimebane skal vi avklare korleis vi løyser eldreomsorga i framtida. Samstundes skal vi gjere avklaringar i høve til behova yngre brukarar har. 

GOD SOMMAR

Sjølv fekk eg gleda av å vere med på avslutningsfesten i 10. klasse. Flotte ungdommar som eg ynskjer alt godt for i livet. Eit bilete av ein flott gjeng høyrer med. Derfor vonar eg at redaktøren får plass til biletet på ordførarsidå. No gler vi oss til sommar og ferie. Ta godt vare dre i den ljose årstida og gled dykk over 2001 – modellen.

Beste helsing

Oddmund

 

 


 

ORDFØRARSIDÅ FEBRUAR 2017

Gode lesarar!

Nytt og spanande år er godt i gang. Halvvegs ut i februar får du fyrste Åsdøl i handa. For vi som dagleg brukar Yr har det nye året vore krevjande. Skulle gjerne bytta regn med snø. Det er lenge sidan vi har hatt det så skrint i høgheia, men trøysta får vere at det er like kleint både i Sirdal og Bykle. Eg høyrer til dei som heller vil ha eit par meter med snø enn 20 cm. 

ENERGISAKENE

Vatn

3. februar gjorde Regjeringa vedtak om Åseralsprosjekta. Då fekk Agder Energi Vannkraft AS konsesjon til eit omfattande prosjekt som kan delast opp i tre delar:
- Nytt aggregat i Skjerka (Skjerka 2).
- Ny tunnel Langevatn - Nåvatn med bygging av Øygard Kraftverk og Kvernevatn Kraftverk.
- Ny dam Langevatn og heving av Langevatn med 10 meter.
Samstundes er det gjort ein revisjon av gjeldande konsesjonsvilkår for regulering av Langevatn, Storevatn og Kvernevatn (vilkårsrevisjonar). Prosjektet vil gje ein meirproduksjon i esksisterande anlegg på 143 GWh.

Det er kjent at heving av Langevatn konkurrerte med 6 småkraftprosjekt i området. Departementet fall ned på NVE sitt syn der 18 GWH regulerbar kraft vann over 23 GWh  uregulerbar kraft som småkraftprosjekta ville gitt.
I vedtaket går det fram at minstevannføringa frå Langevatn blir 400l/s om sommaren og for resten av året 200 l/s. Målepunkt skal vere dam Langevatn.

I manøvreringsreglementet går det og fram at lågaste regulerte vannstand i Øre er sett til 257,7 m.o.h. Det er og bestemt at det skal vere minstevannføring frå Øre. Denne er sett til 300 l/s sommar og 100 l/s  om vinteren.
Det er og sagt at det skal byggjast drifteveg aust for Langevatn fram til Fosstjønn. Krav om veg vidare til Sandvasslian er avvist. Vegen skal byggjast med ein standard tilsvarande vegklasse 8 eller ein mellomting av 7 og 8. Vegen blir ein "tiltaksveg" der AEVK får ansvar for vedlikehaldet. Omsynet til villreinområda vest for Langevatn blir og brukt i begrunninga frå departementet. 

Mange som kjenner historia om Åseralprosjekta hugsar og diskusjonane om ei ny bru ved Vikeknodden. Departementet avviste ny bru som tiltak i konsesjonen. Voilevabrua er omtala i vedtaket, og her er det sagt at denne skal utbetrast slik at ferdsle blir betra vinterstid. Det same skal og gjerast med tilkomsten før og etter brua.

For kommunen er det sagt noko om skatteinntekter. Eit viktig punkt er at vedtaket om konsesjonskraft til såkalla OED - pris blir stadfesta. Denne skal gjelde for både gamal og ny kraft. Åseral kommune har diskutert dette punktet med AEVK heilt sidan Kongeleg res. med konsesjon til bygging av nye dammar i sør frå desember 2013 kom. Dette er no stadfesta på nytt, og det blir spanande å sjå om saka er parkert. 

Konsesjonsavgifter: Prosjektet skal gje nye 40.000 nat.hk. Kvar nat.hk skal betalast med kr 24. I sum blir dette kr 960.000,-. Åseral kommune får og kr 5 millionar i næringsfond.

Departementet viser og til utbyggingsavtalen mellom Åseral kommune og AEVK. Denne er vurdert å ha stor verdi. Stikkord er bygging av ny veg til Langevatn og vidare oppover i Gloppedalen til det punktet der driftevegen startar. ÅK skal og overta dei tippmassane AEVK ikkje har bruk for. Hovedtanken er og at vegar nytta under prosjektgjennomføringa skal ha etterbruk til m.a. skiløyper. Området vest for Tjønna kan bli eit nytt skiaktivitetsområde. I planlegginga nedstrøms ny dam er tatt høgde for både veg og skiløype.
 

Arbeidet med ein kommunedelplan for friluftsliv har stiar og løyper som viktige element. I noverande kommunedelsplanar for Bortelid og Ljosland blir det sagt noko om at løypenettet på begge stadene på eit tidspunkt skal koblast saman. Ei realisering av Åseralsprosjekta vil gjere dette mogeleg, og det same vil og aktualisere veg Bortelid - Ljosland. Med tanke på elsertifikatordninga og full utnytting av denne skal ny produksjon vere klar seinast 31.12.2020. Ikkje rart at ordførar meir enn ein gong har sagt at dei neste 3 - 4 åra blir utruleg spanande for vi som har hus eller hytte i Åseral.

Vind

Samstundes som pressemeldinga om vedtaket i Åseralsprosjekta kom, vart det gjort avgjerd med avslag i høve til Vindkraftprosjektet på Skvenehei. Avgjerda vart gjort i Olje- og energidepartementet. Avslaget vart begrunna med totalbelastninga av energiprosjekt i kommunen samt at Kommunestyret ikkje hadde gjort eit positivt vedtak. Sidan OED er ankeinstans går eg ut frå at vedtaket er endeleg. 

Som ordførar skjønar eg godt at nokre er skuffa medan andre heiser flagg. Vi skal ha respekt for at vi kjempar for våre saker, og også Skveneheiprosjeket hadde positive element med inntekter under bygging og i ettertid både for grunneigarar og kommune. Prosjektet vart og endra betydeleg undervegs i og med at nordre område Stuttjørnhei vart trekt ut. Det var og ein av grunnane til at ordførar tilrådde at Kommunestyret i sept 2016 skulle gå gjennom saka på nytt. Det ville ikkje fleirtalet, og det har ordførar tatt til etterretning. Aktørar har brukt millionar av kroner på utgreiingar, og det er derfor naturleg at dei har kjempa til siste slutt.

Sjølv om ikkje alle grunneigarane var samde gjekk fleirtalet på grunneigarsida inn for prosjektet på Skvenehei. For vi som har vore ein del av hyttebygginga i Åseral veit vi godt skilnaden på å få godkjent ein reguleringsplan og det å få avslag. Vi som har hyttefelt veit og at dette medfører endringar rundt oss - endringar ikkje alle er positive til. Derfor ynskjer ordførar å minne om at det alltid er viktig å sjå ei sak frå fleire sider også etter at ei avgjerd er fatta.

Vinterferie

Eg har sjølvsagt ikkje gløymt at vinterferien nærmar seg raskt. No er vona at bakkar og løyper får minusgrader framover og gjerne påfyll av snø. Vi har ein flott natur. Det er denne som er utgangspunktet for ei eventyrlig utvikling på hytteområdet. I dag ser vi endå klarare at dette gir arbeid og inntekt for mange. 

Best resultat får vi når vi tek tråden frå overordna planar om at Åseral skal vere ei positiv kraft. Vi kan, vi vil og då skal vi få det til. La dette og vere utgangspunktet for kor vi legg lista når det gjeld service. "Best på service" gir oss eit positivt omdøme, og i konkurransen med andre reiselivskommunar er det kanskje det avgjerande. 

Viktigast

Både i arbeid, skule og fritid gjeld at vi må samhandle og dra lasset i saman. Har vi ferie må vi bruke meir tid til kvarandre - men og i kvardagen må vi ikkje gløyme det aller viktigast; det å bli sett og det å kjenne på at nokon er glade i oss og set pris på det vi er og gjer. Er vi samde om dette grunnlaget blir tida fram til vi treffest i neste Åsdøl positiv.

Til slutt

Eg legg meg flat for at det vart mykje energi på ordførarsida denne gongen. Likevel kan desse prosjekta resultere i mykje positiv infrastrukturbygging til glede for oss alle. Utvikling må til, og Åseralsprosjekta vil og gje arbeid for mange dei komande åra. Eg vonar konsernstyret I Agder Energi gjer vedtak om realisering med det første! Ingenting betre enn om eg kan skrive om det i neste nummer. Hugs og at vi må bli flinkare til å heie på kvarandre!


Ha ein god skitur! 

Beste helsing
Oddmund

 


Ordførartankar i desember 2016

Gode lesarar.

Vår verden

Sjølv om vi lever skjerma mot det vonde og vanskelege er det ikkje lett å ikkje ta inn over seg den urett innbyggjarane i Aleppo i Syria blir utsett for. Syria har vi høyrt om heilt sidan vi hadde bibelsoge i barneskulen. No 2000 år seinare er Midt –Austen på nytt i nyhendebiletet. Galskapen i Syria viser at menneskesynet har tronge kår. Respekten for livet blir utfordra dagleg. Eg tenkjer: Korleis kan menneska halde ut djevelskapen. Oppi det heile er borna. Augo deira fortel oss om kva dei blir utsett for.

Vår jol

Vi er i adventstida. Advent fortel oss om at noko skal kome. Den kristne tradisjonen har Jesus-barnet i Bethlehem som hovudpersonen. Handel følgjer velstanden, og Jesus-barnet får stadig sterkare konkurranse frå ulike kantar. Likevel er jola hjå oss prega av tradisjonar som går attende til Jesu fødsel. Gudstenester og joletrefestar syner dette. Eg veit sjølvsagt at mange tenkjer annleis enn det eg gjer. Likevel ynskjer eg å lyfte fram den kristne tradisjonen. Gjennom år og generasjonar har vi utvikla eit samfunn og demokrati som har hatt eit kristent grunnsyn i botnen. Ser vi rundt oss har vi uendeleg mykje å takke for. Mi oppmoding til både hyttefolk og fastbuande er å ta del i dei arrangement som skjer i samband med jolehøgtida. Dei høyrer vårt samfunn til, og eg trur at dette blir ei positiv oppleving for alle uansett vår eigen ståstad.

Heimen

Jola er og ei familiehøgtid der vi kan treffast i positive samanhengar. Vi veit at borna har store forventningar til alt som skal skje, og då må vi hugse at borna og skal ha den plassen dei fortener. I praksis betyr det at dei må ha høg prioritet. Det vi gjer i jola som foreldre eller besteforeldre er viktig for bornas oppleving av høgtida. Eg seier så sterkt eg kan: Det du gjer som vaksen må vere positiv for borna i huset. I tillegg kan vi bruke tid på borna – både ute og inne. Vonar at vi alle har forventning til jola!

Kvit jol

Er du fast lesar av ordførarsidå undrar det deg ikkje at eg er opptatt av veret. Eg har hatt snø med i kveldsbøna i lang tid. Samstundes veit eg at mildver og lepsetøyr høyrer førjolstida til. No vonar eg at dei kalde gradane tek tak, og ein meter med snø hadde vore fantastisk. Tenk på alt vi kan gjere av positive og sunne aktivitetar i bakkar og løyper. No lagar skitrekka snø. Tru kva dei gamle ville sagt viss dei hadde sett dette? Dei hadde nok og stussa viss vi forklarte at produsjonssnøen toler mykje regn. No blir det laga snø kvart døgn temperaturen er låg nok. Tenkte at eit bilete med produksjonssnø skulle få plass i mi jolehelsing.

Politikk

I skrivande stund har nett kommunestyret gjort unna budsjettmøtet. Eit breitt fleirtal gjekk for å auke ramma i rådmannen sitt framlegg med kr 1.495.000. Vi kjem attende til politikken og budsjettvedtaket i 2017. No legg vi politiske diskusjonar og prioriteringar til sides. Uansett ståstad blir 2017 eit svært spanande år. Kjempestore energisaker skal tas ned, og avgjerda her vil bli merkbar for Åseral i åra som kjem. Komande år vil og Åseral ta del i kampen for at kraftkommunane skal få sin rette del av den verdiskapinga som er knyta til produksjonen av elektrisk energi. Det betyr og at finansministeren skal bli utfordra i høve til dei faktorane som er avgjerande for eigedomsskatten. Her må vi jobbe på tvers av alle parti.

Året 2016

Eg gler meg over at vi har fått til noko i sentrum. Åseral Næringshus og Oppas hus betyr meir liv og fleire som har sin aktivitet og sitt daglege arbeid i Austrud. Eg gler meg over at tunellsvingane blir retta ut, og eg gler meg over ein betre veg til Austegard og Bortelid. Mykje går framover, og noko av det viktigaste er at fleire unge vel å busetje seg i Åseral. Det er dette vi ynskjer også for framtida. Vi har mogelegheiter og skal saman dra lasset. Då er samhald og samhandling viktig, både i det politiske og i bygda vår.

God jol og godt nytt år!

Mitt motto er stadig; tenk positivt! I jola legg eg til at vi skal tenkje på borna først. Ta godt vare på kvarandre, så skal vi saman løfte Åseral positivt i 2017. Eg takkar for alt i 2016 og ynskjer alle i hus og hytter ei velsigna jol og eit framgangsrikt nytt år!

Takksam helsing frå
Oddmund