Norwegian Dutch English French German Italian Spanish

 

Ordførar
Oddmund Ljosland
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Åseral rådhus, 4540 Åseral
E-post: 
Telefon: 38 28 58 16 / Mobiltelefon: 474 69 292 
Telefaks: 38 28 58 01


Ordføraren sitt hjørne, Februar 2016

Publisert . Sist endret . Posted in Ordførar

ORDFØREN SITT HJØRNE, FEBRUAR 2016
Godt inne i februar ser vi at sola lyfter seg. Dei fine dagane set vi pris på, og med tidleg påske blir det tidleg vinterferie. Når Åsdølen kjem til deg har danskar og rogalendinger vinterferie. Agder følgjer i veka etter. Derfor er det vel ikkje særleg overraskande at du møter verteikn og verprognosar også på denne ordførarsidå. Kortversjonen her er at vinteren ikkje er over. Ordførar ynskjer aller mest nok snø på heia og mange soldagar i dei komande to vekene. Eg unner alle positive dagar ute i det fri under ein knallblå himmel.

KLASSEQUIZEN
Åseral skule fekk ein god start i Klassequizen 2016. 11 av 12 poeng er imponerande. Eg gratulerer hovudaktørane spesielt; Hans Andreas Berg, Karoline Tollefsen og Johan Patrick Olsen. Lukke til vidare! De er gode ambassadørar for Åseral!

ORDFØRAR PÅ TUR
I skrivande stund er eg i Luleå. Vi er eit knippe politikarar og administrative personar samt ein investor på tur. Målet er å auke kunnskapen om framtidige grøne næringar - som vi kan lokalisere til Agder. Luleå er eit eventyr. Byen er regionhovudstad i Nordbotten - stort len men lite folk. På turen jaktar vi på kvifor Luleå vart valt av giganten Facebook. Det enkle svaret er godt politisk handtverk, lokale forhold og gjerne flaks, men også sakshandsaming på rekordtid. Det som mangla vart ordna, utan mykje att og fram. Luleå hadde eit overordnande leiarskap som tok ansvar og sjansar. Samarbeidet mellom privat og offentleg sektor vart optimalisert. Det kunne ha gått frykteleg galt - men vart istaden eit industrieventyr!

Heime skriv Fædrelandsvennen om at kampen om fiberkablar har starta. Vennesla og Støleheia er med på starten av eit ny industriell epoke og så er det store spørsmålet kva som må til for å utvikle dette vidare. Tilgang på sikker kraft, fiberkapasitet og nok plass er avgjerande.  Avgjerande er det og at Agder lyfter dei beste prosjekta og at vi ikkje kjempar kvar for vårt. Her treng vi politisk leiarskap, samhandling med næringslivet og samhandling som landsdel og region.

PROSJEKT I SENTRUM
Passar greitt å gå frå næring i Sverige til næring heime. Sparebanken Sør, Åseral Rekneskapskontor og Åseral kommune utviklar eit prosjekt med å bygge ut (bygge om) bankbygget med fleire kontorarbeidsplassar. Bygget skal bli ein positiv stad midt i "bygdæ", noko som vil skape liv og meir aktivitet. Viss prosjektet blir realisert vil nemnde tri aktørar eige dette i fellesskap. I starten har kommunen eit antal kontor som vi ynskjer å leige ut til næringsdrivande (viss ikkje dei er utleigd før åpning) Framdrifta er spenstig; rask planlegging, kort sakshandsaming og byggetid frå sommaren og ut november. Reknar alle aktørane prosjektet heim skal vi ha åpning samstundes som vi tenner joletreet!

Kvifor slik hast spør du? Røynsle tilseier at utan ledige areal skjer det ikkje noko. Tenk over store energiprosjekt som ordførar trur kjem - då må vi vere klar til å utnytte viktige år med anlegg og ekstra aktivitet!

ENERGIPROSJEKTA
Åseralsprosjekta ligg til slutthandsaming i Olje og Energidepartementet (OED). Truleg får vi eit svar før sommaren. Det hastar i høve til elsertifikatane. Desse har fått eit år utsett frist, men aktørane misser då eit år med "tilskot". Derfor er hovudynskjet for alle energiaktørar å ha realisert sine prosjekt før 31.12.2020. Då skal produksjonen vere i gong.
Skvenehei vindkraftprosjekt ligg til ankehandsaming i OED. Departementet opplyser at "sakshandsaminga er godt i gang, men framdrifta er usikker ... og prosjektet heng og saman med andre energiprosjekt i området". Uansett kva meining vi har om dette prosjeket er det knytta spenning til avgjerda. Småkraftprosjekta vil ikkje bli handsama før dei store er avgjort. Året 2016 blir utruleg spanande på energiområdet, og prosjekta vil ha mykje å seie for Åseral og tal arbeidsplassar og ringverknader.

Honnaprosjektet er i rute. Kommunalutvalet fekk info frå Agder Energi Nett no i januar. Mykje vil skje i 2016, og produksjonsstart er i andre halvår 2017. Prosjektet har gått veldig bra grunna godt samarbeid mellom alle aktørane. Eg gir ein ekstra ros til grunneigarsida. Eg er og overtydd om at Trafoprosjektet på Honna er det avgjerande for at store og små kraftprosjekt vil bli realisert dei neste åra. Uansett må krafta ut for å få positive investeringsavgjerder.

KOMMUNEREFORM
Debatten er frisk på Agder og i kongeriket elles. Nokre kommunar rundt oss har folkerøystingar - andre trur meir på innbyggjarundersøkingar. Vi hadde folkerøysting i samband med valet hausten 2015 der 60% ynskja at Åseral skulle bestå som eigen kommune. Ordførar flagger åleinegang. Vi som meiner det registrerer at trussel om å avvikle IKS - samarbeid blir tydelegare. Fævennen slepp dei reformvenlege fritt til. Det er nærast propaganda det vi no ser. Det heile handlar om kva vi trur er beste løysinga for å utvikle eigen kommune og region positivt framover. Nokre av oss ynskjer eit samfunn der tenestane  er nær folk og der vi tek heile landet i bruk. Vi les og forskning som konkluderer med at lokaldemokratiet har tapt etter kommunereformen i Danmark, og interessa for politikk har gått ned. Det kan ikkje dokumenterast at gigantomaniet er ei god løysing. Kompetansearbeidsplassar er særleg viktige for Åseral, og eg er redd for endringar som kan gje ein effekt som gjer det mindre aktuelt å busetje seg i Åseral. Språk og kultur vil og tape viss Åseral blir del av ein stor kommune.

Nytt inntektssystem skal vi uttale oss til innan 1. mars. Vi kjem godt ut p.g.a. at vi har lange avstandar, men som ordførar tek eg avstand frå ein modell som tvingar nabokommunar til samanslåing grunna kutt i rammeoverføringane. Sidan alle kommunar skal sende brev til Fylkesmannen innan 1. juli om valet den einskilde kommunen gjer, er planen vidare å handsame saka i kommunestyret sist i juni. Her blir det friske diskusjonar framover, og vi må vurdere undervegs behovet for informasjon. Det blir spanande å sjå kva som skjer i kommunane rundt oss dei neste par månader. For eigen del er eg sikker på at vi som vel åleinegang vil utvikle interkommunalt samarbeid på ein ny måte - gjerne med nye aktørar. Eg trur og at regiondiskusjonen vil blusse opp att.

ØKONOMI
For tida jobbar ei arbeidsgruppe med evaluering av tilskotsreglane. Kommunestyret skal handsame saka 17. mars. Økonomisk ramme er trongare enn tidlegare, og derfor må vi prioritere strengare enn vi er vande med. Eit kjempeviktig arbeid som den einskilde veldig gjerne må kome med innspel til. Vi har hatt det romsleg i fleire år, og det har resultert i eit omfattande regelverk for dei ulike tilskott.
Nedturen på børsen medfører mindre avkasting av ledig kapital. Risikoen for at nokre aksjar misser verdi aukar. Politisk er vi samde om at vi skal samhandle med administrasjonen i samband med utarbeidinga av budsjett og økonomiplan. Arbeidet startar for fullt i starten av april der vi skal ha ei to- dagars felles samling.

VINTERFERIE
Desse to vekene er viktige for hytte- og reiselivskommunen Åseral. I år blir det stand på innfartsårene fredagen i starten. Her får du aktuell info med "noko attåt". Ordførar skryt av initiativet! Elles er det viktig å få bygt rett infrastruktur. Ordførar er opptatt av dialog mot brukargruppa. Kva er viktigast for at du har hus eller hytte i Åseral? Kva aktivitetar saknar du eller meiner du kan endrast eller utviklast?
Til alle er mi oppmoding om at vi skal vere best på service. Det gjeld alt - kommunale som private servicetenester. Det skal vere triveleg å vere i Åseral, og Åseral skal vere førstevalet for alle som tenkjer på å få seg "hytte på heia". Det legg føringar for oss alle.

TENK POSITIVT
Åseral har eit stort utviklingspotensiale. For å lukkast kreves samhandling politisk, og samhandling mellom offentlege, private og frivillige aktørar. Offensiv tenking gir resultat over tid. For å lukkast må du vere med, og vi må gå til oppgåva med optimisme og pågangsmot.

Hugs dei gode skiturane for å samle energi til dei daglege oppgåvene.

Beste helsing
Oddmund

Ordføraren sitt hjørne, Februar 2015

Publisert . Sist endret . Posted in Ordførar

I skrivande stund er vi i veke 7. Stikkord kan vere vinterferie for danskane, valentinsdag og fastelaven. Vi er godt ute i vinteren, og dei fleste har merka seg både "Nina og Ole". Uveret har vi nok kjent mest i høgda, sjølv om vi er spart for det verste. Snømengda er halvdelen av kva den var til same tid i 2014. Det som liknar mest er nok alle dei vindfulle dagane. Fantastiske soldagar innimellom minner oss om at knapt noko kan måle seg med ein solrik og kald vinterdag. Vonar vi får mange av desse dei komande vinterferievekene.

VINTERFERIE
Vinterferievekene er viktige for reiselivsnæringa i kommunen. I media les vi at Åseral er på topp når det gjeld omsetnad av hytter i 2014.
Snittprisen på selde hytter er vel 1.700.000 kr som gir ein tolvteplass på statistikken. Alt dette er positivt. For dei som investerer er det viktig at verdien held seg, og høg aktivitet på området er og eit pluss for pris- nivået. Ordførar vonar og at dette stimulerer interessen for å skaffe seg tomt og byggje seg hytte i Åseral. Hyttenæringa betyr mykje for mange arbeidsplassar i kommunen. Talet på arbeidsplassar i høve til innbyggjarar i aldersgruppa 20 - 66 år "ligg over". Det er bra og seier noko positivt om næringsaktiviteten i kommunen. Ein konsekvens av dette er at færre treng å pendle ut.
Ordførar er opptatt av at feriegjestene trivest. Det betyr at kvaliteten på alt vi gjer må vere "best". Skibakkane, løypene, servicen frå kommune eller private; alt heng saman og er avgjerande for korleis produktet blir oppfatta. Vi fastbuande kan og vere med på å gje Åseral eit godt omdøme i høve til dei som ferierer. Eg trur at vi åsdølar kan ta den utfordringa på ein god måte.

KRAFTPROSJEKTA
Damprosjektet sør i kommunen er godt i gong. TT/Skanska har aktivitet no i vinter. Vegbygging og tilrettelegging for masseuttak er noko av det som blir utført. Sjølve dambygginga vil skje i 2016 og 2017. Dette arbeidet må utførast utan snø for å sikre kvaliteten. Både ny dam Skjerkevatn og ny dam i Heddersvika er store steinfyllingsdammar som samla krev omlag 1,2 millionar m3 steinmasse. Dei neste tre åra vil aktiviteten gje 50 - 60 årsverk i snitt.
No i vinter pågår og planarbeidet med nye linjer og Honna transformatorstasjon for fullt. Brikker dett stadig på plass, og viss naudsynte investeringsavgjerder blir gjort betyr det nye arbeidsoppdrag i dette året.

LEVERANDØRSEMINAR
Derfor var det utruleg positivt at over 50 personar deltok på leverandørseminaret på Minne den 10. februar. Her presenterte Agder Energi saman med TT/Skanska damprosjektet. Det var og fokus på kva dette kunne gje av aktivitet og arbeid i dei indre bygder. Arrangementet stod Åseral Næringsråd for i samarbeid med Åseral kommune.
Vi ventar og på at NVE snart kjem med si innstilling i høve til Åseralsprosjekta. Viss desse skulle bli godkjent og investeringsvedtak gjort talar vi om investeringar på eit par milliardar samla. Ikkje rart at mange av oss er spente. Temaet vil vi kome attende til utover. Vona frå Åseral kommune si side er at vi skal sitje att med fleire arbeidsplassar og mykje ny og positiv infrastruktur i etterkant.

LANDBRUK OG MINISTERVITJING
Ikkje kvar dag at vi har ein minister på vitjing i Åseral. Utan gode lokale kontaktar hadde nok det vore vanskeleg. Meiningane om minister og politikarar elles er nok mange. Eg skryt av Sylvi Listhaug når ho reiser rundt og møter næringa. Har og fått med meg at ho seinare har nemnt ordførar i Åseral på radioen og langt på veg teke underteikna til inntekt for sin politikk. Eg omtala ein trubadur i Telemark som sa at ho "på ein pussig måte hadde blitt ein inspirasjon". Han hadde nemleg auka dyretalet i hennar ministertid. Eg følgde opp med å konstatere at det same hadde eg gjort, og eg var sikker på at det gleda statsråden.
Ordførar gler seg i alle høve over auka investeringslyst på fleire gardsbruk, og han er trygg på at eit stort fleirtal i kommunestyret vil prioritere området framover. Mange bruk står føre generasjonsskifte, og då er det viktig at bygningsmassen vert modernisert. Eg takkar alle som gjorde dagen til det den vart; eit positivt løft for landbruksnæringa!

KOMMUNEREFORMEN OG FOLKEMØTE
Arbeidet knytt til kommunereformen tek svært mykje tid i det daglege. I Åseral er vi lojale mot bestillinga frå regjeringa. Vi deltek i to ulike prosjekt (Midtre Agder og Indre Agder).
5. februar skipa vi til folkemøte her i Åseral. Gjestar var m.a. ordførar i Audnedal og ordførar i Evje og Hornnes. Dei skulle fortelje om kvifor deira prosjekt saman med Åseral var best. Lokale deltakarar elles var FM v/Dag Petter Sødal og Lars Dahlen frå KS. Ordførar i Hægebostad deltok og i spørjerunden mot slutten. Utanfrå kom professor Bjarne Jensen som arbeider ved Høgskulen i Hedmark. Eg nemnde at vi brukar mykje tid på kommunereformen. Derfor er eg svært glad for det gode oppmøtet denne torsdagskvelden. Vi talte rundt 130 frammøtte. Dette gir oss ny energi til å finne ut mest mogeleg i saka. Kommune-reformen er svært viktig for ein distriktskommune som Åseral, og gjer vi feil vedtak her kan det få store konsekvensar for framtida. Derfor var det viktig med deltakarar som sørga for bredde i informasjon og spørsmål. Gode spørsmål frå salen tyda på at temaet var av interesse.
Mange av dykk leverte inn skjema. Når vi har oppsummert desse legg vi resultatet ut på heimesida. N.B. Her legg vi alt av informasjon som møtereferat og ulike dokument som blir utarbeidd. Her finn du møtedatoar både i eigen kommune og hjå naboane våre. Bruk denne sida aktivt og gje gjerne attende-melding om de skulle sakne noko. Vi veit at informasjon er ekstra viktig i ei sak som denne. Mange av oss trur og at saka blir eit viktig tema i kommunevalet komande haust.
Det blir fleire folkemøter. Vi må og bestemme oss for korleis innbyggjarane skal høyrast. Midtre Agder prosjektet har som mål ei sak til kommunestyra i slutten av mars. Spørsmålet er då m.a. retningsval. Sidan vi er komne lengre i Midtre Agder enn i Indre Agder vil det spørsmålet vere krevjande.
Samstundes med dette skal vi og prøve å finne ut konsekvensane av å seie nei - det såkalte nullalternativet.
Mi oppfordring til dykk alle er å bruke Åsdølen til ein god debatt om eit kjempeviktig tema.

TIL SLUTT
Ordførar ynskjer at vinterferiedagane gir mykje god fysisk aktivitet, og dette er jo midt i blinken i året 2015 - som jo er friluftslivets år! Då blir mottoet "ut på tur aldri sur". Tenk positivt alltid og gled deg over kvardagen.
Ser vi oss rundt finn vi alltid noko å glede oss over. Ordførar gler seg over at Stovesjappa har opna på Ljosland.
Butikk har ikkje Ljosland hatt sidan anleggstida tidleg på 50-talet. Lukke til både på Stovesjappa og elles!

Beste helsing
Oddmund

Ordføraren sitt hjørne, September 2016

Publisert . Sist endret . Posted in Ordførar

ORDFØRARSIDÅ I SEPTEMBER 2016

Vi skriv alt september. No er sauesanking og jakt viktige stikkord i heiekommunen Åseral. Mi interesse for veret framover er der. Ser nok at mitt langtidsvarsel i juni ikkje slo til. Eg som spådde turkeår burde vel hoppa over temaet sidan dei fleste har kome lett frå vatning også denne sommaren. Likevel er det lov å vone på fine og solrike haustdagar, og optimisten i meg seier at vi har fleire soldagar «til gode». Sauesankarane ynskjer turt ver og god sikt. Jegerane det same, men ut frå det vi ser av rupe i heia burde kanskje ynskjet like mykje vere skodde. Vi tek ikkje debatten om korleis stoda er for fuglen i heiane våre. Ordførar nyttar berre høvet til å minne alle om dei reglar som gjeld for bandtvang, og signaliserer at eg ynskjer ei sak om dette temaet etter kvart.

SOMMAREN
Flittige hender har brukt mykje tid på aktivitet gjennom sommaren. Vonar og at resultata er gode for dei det gjeld. Programmet om sommaren betyr mykje for biletet av Åseral. Her er kommunen heilt avhengig av dei friviljuge. Vi veit at den månaden dei fleste har ferie fell saman med at kommunane ligg i dvale. Ordførar takkar for innsatsen!

OPTIMISTEN
Det gleda ordførar at Åseral fekk eit positivt avisoppslag i høve til at ungdomen flyttar heim. NHO –statistikken har få småkommunar høgt oppe. Endå gildare er det at vi kjem høgt på dette barometeret. Det seier seg sjølve at for eit lokalsamfunn er det positivt med ei stor aldersgruppe 19 – 24 år. Likeeins er det bra viss fødselstala er høge, fordi det sikrar ei stor brukargruppe både i barnehage og grunnskule. Kommunale arbeidsplassar er ekstra viktige i utkantkommunar. Vi veit og at positiv omtale har mykje å seie for omdømet vårt. Ingenting er betre enn at ungdomen marknadsfører heimbygda si. Kva skal så til for å halde på denne positive trenden? Det er her politikken kjem inn. Då er det ikkje sikkert at vi har dei same meiningane om kva som gjer at vi er der vi er.

ØKONOMI
Også Åseral merkar strammare økonomi. Det er ulike grunnar til det, men t.d. er låge straumprisar medverkande til at eigedomsskatten går ned. Spørsmålet blir då kva vi gjer for å redusere utgiftene eller auke inntektene. Drifta er redusert siste åra. Administrativ og politisk side har sidan april jobba med økonomispørsmål. Her er det naturleg at vi av og til har ulike meiningar om vegvala. Politikarane bestemmer jo til slutt, men vi skal og hugse på at vi må ta ansvar for resultatet. Hausten blir spanande når det gjeld kva politikarane prioriterer. For ordførar er det viktig at vi ser langt framover og også finn løysingar som gjer at vi kjem frå magre år på best mogeleg vis. I praksis betyr det at vi einskilde år må «tære på kapitalen». Eg trur heller ikkje at det politiske fleirtalet er viljuge til å kutte alt av ordningar som går direkte på brukarsida (t.d. utdanningsstipend og sommarjobbgaranti). Vi bør leite etter ulike måtar å organisere dette på, samstundes som vi oppmodar privat næringsliv til å utnytte den ressursen ungdomane er.
Ordførar er opptatt av å finne ut korleis brukarsida vurderer ulike ordningar. Ut frå dei som sa noko i det positive avisstykket for litt sida les eg at kommunale ordningar har positiv effekt. I alt det vi gjer må vi tenkje kva som skal til for å auke folketalet.

ALLE I ARBEID
Kan hende eit urealistisk mål i desse tider. Arbeidsløysa er låg i Åseral, og vona er at dei tunge utbyggingsprosjekta skal gje auka aktivitet og optimisme framover. Åseralsprosjekta og Skvenehei vindkraft ligg i OED til slutthandsaming. Nye dammar veks kvar dag, og nye linjer er under bygging. Honna Trafostasjon skal vere ferdig over neste sommar, og dei «lengste» delane til prosjektet kjem i veka før påske 2017. Mykje spanande er på gong, og eg tenkjer vi er heldige i vår kommune som får vere med på prosjekt som kan gje arbeid og framtidige inntekter.

Samstundes arbeider ordførar for at vi skal utnytte prosjekta i ulike samanhengar; t.d. at vi får retta ut nokre svingar. Det burde vere ei god sak, men sanneleg er det krevjande nok.

Åseral Næringshus tek form. Næringsprosjektet i sentrum har eg tru på. Her er ledige kontor som vi ynskjer å fylle med aktørar før byggjeprosjektet er ferdig. Innviinga skal skje samstundes med jolegateopninga 2. desember. Noter datoen. Denne ettermiddagen/kvelden er ynskjet mitt at sentrum i Austrud blir folksamt – både av fastbuande og hyttefolk.

INFRASTRUKTUR
Vegar, skiløyper, turløyper, straum, vatn- og kloakk, fiber , mobildekning; lista kan gjerast lengre. Investeringane kostar, men er avgjerande for ei positiv utvikling. I utbyggingsavtalen med Agder Energi Vannkraft (AEVK) ligg inne dei fyrste 3,5 km av veg Bortelid – Ljosland. Vegen vil løyse ut store hytteområder med fleire hundre hytter, og den dagen vi koplar løypenettet på Bortelid og Ljosland saman går Åseral opp ein divisjon. Ordførar veit at det er ulike meiningar om vegen. Det betyr ikkje at vi ikkje skal følgje opp tidlegare kommunale vedtak. Vegen ligg inne i kommunedelplanane i området, og er eit av dei tunge punkta i utbyggingsavtalen med AEVK. Vidare er tida no inne for å ta opp spørsmålet om finansiering av vegen, og då er det det politiske fleirtalet som til sist bestemmer. Tida er overmogen for å hente fram både historie og argument i saka. Hyttebygging og reiseliv er ein av berebjelkane i Åseral, og då er det ekstra viktig å få ein god diskusjon om kva som er rett satsing. Det er og viktig å få fram verdiane som ligg i utbyggingsavtalen. Verdien av infrastruktur er langt høgare enn dei kronesummane som er talfesta i dokumentet. Ordførar vonar at og Åseral Næringsråd vil delta i debatten. Partiprogramma har og ei meining i saka, og det gjer vegsaka ekstra spanande.

Kommunestyret har i «fibersaka» før ferien signalisert at det som er viktig for busetnad skal ha prioritet. No har eg vel fått med meg at nokre tek resultatet til si inntekt. Det har eg mi meining om. Eg veit godt at tre av partia i Kommunalutvalet understreka at dei ville kome attende til saka i kommunestyret då gruppemøter i partia ikkje var haldne. Rett skal vere rett, men det viktigaste er jo resultatet for dei som bur rundt om i dalføra.

NÆRPOLITIREFORMEN
Namnet tilseier at vi skal få lokale løysingar – noko knapt nokon av vi som kjenner saka trur på. Det blir kamp for lokalt lensmannskontor. Spørsmålet om framtidig organisering gjer og at Åseral må ha ei meining om kva lensmannsdistrikt vi bør vere i framover. Etter samtale med lokal lensmann ser eg at det ikkje er eit opplagt svar i saka. Vi veit lite om kva som skjer med områda rundt oss, og med mange ukjende faktorar er det krevjande å velje det som samla tenar Åseral i framtida. Eg kjem attende til saka i neste Åsdøl. Departementet har gitt kommunane uttalefrist 1. desember.

KOMMUNEREFORMEN
Neste gong Åsdølen kjem ut har Fylkesmannen (FM) sleppt ut katta av sekken. Uansett kva som ligg her vil det bli harde tak. Vi er svært usamde i saka, og det er eit misforhold mellom det innbyggjarane meiner i høve til dei som frontar kommunen. Ulike folkerøystingar syner det. Åseral har valt å stå åleine, og eg meiner at i ei sak som dette skal folkemeininga vere avgjerande. Både politireform og kommunereform er døme på sentraliseringsiveren sentralt. No må vi få fram politikken, og allereie no tenkje over kven vi ynskjer på Stortinget frå hausten 2017. Saka vil vere eit hovudtema utover hausten både lokalt, regionalt og sentralt.

Agderfylka tingar og i desse dagar om samanslåing. Eg har alltid vore positivt til eitt Agder, men ser no at det kan brukast i ulike sentraliseringssaker. Det er irriterande. Blir spanande å sjå korleis saka utviklar seg.

OPTIMISTEN
Vi er heldige som bur i Noreg, på Agder og i Åseral. Sjølv med vårt utfordringsbilete ser vi at vi lever på ei grøn grein. Som ordførar ynskjer eg å motivere til auka tru på framtida, til å sjå alt det positive vi har rundt oss og til å gje ei hjelpande hand til dei som kjenner seg einsam og åleine. Eg trur på at vi kan få det til når vi vil. Åseral vil få ei positiv utvikling viss kvar av oss ser menneska rundt oss. Viss vi er optimistar er sjansen størst for at Åseral blir sett på «som ei positiv kraft». I politikken betyr det at vi skil sak og person, og vidare at vi tenkjer på omdømet til vår kommune når vi kjempar for vår sak. Ordførar vonar at dette og gjeld når vi tenkjer høgt på sosiale medie.

Før oktoberutgåva til Åsdølen dukkar opp er haustferien alt unnagjort. Derfor skundar eg meg til og å sende ei helsing til hyttefolk og feriegjester. Heiane våre er flotte også om hausten, og eg ynskjer at Åseral skal vere val nummer ein for dei som har hytteplanar. Då er det og viktig at kommunen har ein god dialog mot hyttefolket. Ordførar ynskjer at de kjem med innspel og attendemeldingar i det daglege – både ris og ros. Dette gjeld sjølvsagt og de som er fastbuande. Ei oppmoding til slutt er at fleire lesarar nyttar Åsdølen til både informasjon og diskusjon.

Beste helsing
Oddmund