nonlenfrdeites

Resultat frå TV-aksjonen 23. oktober

Publisert . Sist endret . Posted in Ukategoriserte

Totalsummen som vart innsamla under TV-aksjonen i  Åseral var kr. 97.744,-.  Bidraget pr. innbyggjar kr. 103,76. Dette er kr. 61,54 over landsgjennomsnittet på kr. 42.22.  Ein flott andreplass i Vest-Agder og 19. plass nasjonalt.Takk til alle givarar og til bøsseberarar.

Kommunesamanslåing

Publisert . Sist endret . Posted in Ukategoriserte

Stortinget har ved handsaming av kommuneøkonomiproposisjonen for 2015 vedtatt å gjennomføre ein kommunereform. 
Åseral kommune er med i to utredningsprosjekter. 
Les meir om dei her:

Prosjekt Midtre Agder LOGO                                            Prosjekt Indre Agder

KOMMUNEREFORMEN OPPDATERT INFO 6. MARS 2015 - Ordførar: Oddmund Ljosland.

For tida vert det arbeidd med utgreiingar både i Midtre - Agder prosjektet og Indre - Agder prosjektet. Ulike møtereferat vert lagt ut fortløpande. Under fylgjer viktige datoar og informasjon.

pdfResultat etter spørjeundersøking på folkemøte i Åseral 5. februar. 


INDRE-AGDER PROSJEKTET

Deltakande kommunar er Bygland, Evje og Hornnes og Åseral.
Dei 3 kommunane i Indre – Agder prosjektet er med i ulike utgreiingar:

Bygland:
- Setesdalsregionen («frå Evje til Bykle..Setesdalen)
- Indre - Agder (Bygland, Evje og Hornnes og Åseral)
- Fjellregionen (Sirdal, Bygland, Valle, Bykle og Vinje)

Evje og Hornnes:
- Setesdalsregionen («frå Evje til Bykle..Setesdalen)
- Indre – Agder (Bygland, Evje og Hornnes og Åseral)

Åseral:
- Midtre – Agder (Audnedal, Hægebostad, Marnardal og Åseral)
- Indre – Agder (Bygland, Evje og Hornnes og Åseral)


MIDTRE-AGDER PROSJEKTET

Audnedal:
- Nye Lindesnes (Audnedal, Lindesnes, Mandal og Marnardal)
- Midtre – Agder (Audnedal, Hægebostad, Marnardal og Åseral)
- Lyngdal 5 (Audnedal, Hægebostad, Lindesnes, Farsund og Lyngdal)

Det er utfordrande at prosjekta har hatt ulik framdrift. T.d. har Midtre - Agder ein milepæl 31. mars i høve retningsval (dvs kva prosjekt ein skal velje å gå vidare i). I Indre - Agder vert det no arbeida for at deltakande kommunar skal kunne handsame ei kommunestyresak i løpet av juni.


GENERELT

Ut frå tidspress i saka vil det vere avgrensa kor djupt ein kan gå inn i dei ulike tema. Malen og hovudspørsmålsstillingane i Midtre - Agder blir og brukt i Indre - Agder. Dette for at den einskilde kan samanlikne dei to prosjekta.


ORGANISERING

Midtre - Agder prosjektet:

Styringsgruppe
: Politikarar frå formannskap/alle politiske parti i kommunestyra i dei fire kommunane. Leiar: Ordførar i Hægebostad, Ånen Verdal.

Prosjektgruppe:
Rådmennene i kommunane pluss Even Schau, oppvekstsjef i Audnedal kommune, som sekretær. Leiar: Rådmann i Audnedal, Kjell Olav Hæåk.

Indre – Agder prosjektet:

Styringsgruppe:
Formannskapa i dei tre kommunane. Sekretær: Dagfinn Lauvsland. Leiar: Ordførar i Åseral, Oddmund Ljosland.

Prosjektgruppe:
Rådmenne i dei tre kommunane. Leiar: Rådmann Evje og Hornnes, Jens Arild Johannessen. Sekretær: ...ein frå Evje og Hornnes k.

I styringsgruppemøta møter alltid ein tillitsvalt frå deltakande kommunar.


VIKTIGE MØTEDATOAR FRAMOVER

Midtre - Agder prosjektet:
--

Indre – Agder prosjektet:
--

Folkemøter:
--

Felles kommunestyremøte
--

 

Lindesnesregionen har ei samleside med medieutklipp frå saker om kommunereformen. Sjå den her

Ynskjer du å følgje med på det som skjer sentralt i Regjeringa og på Stortinget kan du gå inn på heimesida til kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

SMIL – spesielle miljøtiltak i landbruket

Publisert . Sist endret . Posted in Ukategoriserte

smil ordningaEin har att ubrukte SMIL-midlar for 2014. Det vert dermed ein ekstra søknadsomgong i 2014.

SMIL står for  ”Spesielle miljøtiltak i landbruket”. Føremålet med ordninga er å ta vare på  natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet.  Om du har tenkt å til dømes rydde ein gamal sti, restaurere eldre bygningar, gjerde inn og stelle gamal kulturmark eller liknande, så kan du få tilskot.

Det må søkjast på eige søknadsskjema. Du kan laste det ned sjølv på https://www.slf.dep.no/no/miljo-og-okologisk/jordbruk-og-miljo/spesielle-miljotiltak/skjema eller få det hos kommunen.

For å kunne søkja må du vera registrert i enhetsregisteret. Dette betyr at til dømes registrerte grunneigarlag kan søkje. Aktive gardbrukarar som søkjer om produksjonstilskot må i tillegg ha miljøplan trinn 2. Ta kontakt om du har spørsmål.

Det er utarbeidd strategi og retningsliner for SMIL – arbeidet i Åseral. Lenkje til desse dokumenta finn du her:

pdfRetningsliner_for_prioritering_av_søknader_-_SMIL-søknader_-_Aseral_kommune.pdf

SMIL_STRATEGI_FOR_ASERAL_KOMMUNE.pdf

Frist for søknad er sett til 20.september.

Fleire artiklar …