nonlenfrdeites

Vann og avløp

Publisert . Sist endret . Posted in Vann og avløp

OBLIGATORISK TILKOPLING TIL OFFENTLEG ANLEGG FOR VATN OG AVLØP

VEDTAK
Kommunestyret i Åseral vedtok 30. juni 2011 å innføre obligatorisk tilkopling til offentleg anlegg for vatn og avløp for eksisterande hytter i områda Ljosland, Eikera­pen og Bortelid.

Det vil seie:
- Dei hyttene som kan oppar­beide den private stikkleidningen for mindre enn 130.000 kroner inkl. mva., kjem inn under  vedtaket (2013 kroner). Den private stikkleidnin­gen er strekninga frå det offent­lege anlegget (hovudleidningen) for vatn og avløp og frem til hytteveg­gen. Tilkoplingsavgift vert faktu­rert.
- Dei hyttene som har kostnad over 130.000 kroner har mellombels fritak. Det mellombelse fritaket vil gjelde frem til det kjem offent­lege anlegg i nærleiken som gjer at hytteeigar kan opparbeide stikkleid­ning for ein kostnad under 130.000 kroner. Tilkoplingsavgift blir ikkje fakturert

Det er ingen fasit på avstand i meter frå det offentlege anlegget. Det er avhengig av typografi, om det er mye fjell og liknande. Generelt kan en nok seie at er lengda over 80-100 meter så er sannsynleg heita stor for at hytteeigar ikkje kjem inn under vedtaket, dvs. at ein får mellombels fritak.

Fysisk tilkopling
Vedtaket seier vidare at den fysiske tilkoplinga, dvs. opparbeidinga av den private stikkleidningen kan vente til generasjonsskifte, eigarskifte eller i samband med bygningsmessige endringar på hytta som krev løyve.

Hytteeigar kan vente med fysisk tilkopling dersom det er ønskeleg. Tilkopling vil då skje når et av følgjande tidspunkter:
a. Generasjonsskifte. Ofte ved at hytta overtakast/selast til barn eller barnebarn.
b. Eigarskifte. Når hytta vert selt og skifter eigar. NB. Eigarskifte mellom ektefeller fører ikkje til krav om fysisk tilkopling.
c. Byggetekniske endringar. Ved gjennomføring av tiltak som er søknadspliktige.

Opparbeiding av den private stikkleidningen er søknadspliktig.

Framdrift
Hyttene som ligg nær eksisterande VA anlegg og kan kople seg på har fått informasjon og varsel om kravet om tilkopling.

Dette vil seie at dei som ikkje har fått krav til no har fått krav om tilkpoløFor dei aller fleste andre vil dette seie at før dei får krav om tilkopling må leggjast nytt VA nett før dette er aktuelt.

Nytt vatn og avløpsnett kjem oftast i samband med fortetting eller nye hytteområdar. 

DOKUMENT
pdfProtokoll_fra_handsaming_i_kommunestyret_30._juni_2011.pdf
pdfRapport_fra_arbeidsgruppa.pdf

 

PRIVAT VATN OG AVLØP

pdfInfobrosjyre om fluorinnhald i drikkevatnet
pdfRetningsliner for utslepp av avløpsvatn frå spreidt busetnad

 

TILKOPLING TIL OFFENTLEG VASS OG AVLØP

Etablering av nytt abonnement for vatn og avløp er søknadspliktig. Dette gjelder både ved nybygg og innlegging av vatn og kloakk i eksisterande bygg.

Følgjande skal sendast inn:
- Skjema for løyve til tiltak eller i brev form (dibk sin blankett 5174)
- Søknad om ansvarsrett frå rørleggjar (dibk sin blankett 5181)
- Søknad om ansvarsrett frå entreprenør (dibk sin blankett 5181)
- Leidningskart
- Erklæring frå grunneigar og eventuelt naboar om rett til legging og vedlikehald av leidningane

Tilkoplingsavgifta for vatn og kloakk går fram av prislista.
Prislista finn du HER

 

PÅKOPLING AV VATN OG KLOAKK I EKSISTERANDE BYGG

Krav til søknad:
- Skjema for løyve til tiltak eller i brev form.
- Søknad om ansvarsrett frå rørleggjar
- Søknad om ansvarsrett frå entreprenør
- Leidningskart
- Erklæring frå grunneigar og eventuelt naboar om rett til legging og vedlikehald av leidningane. (vedlegg A eller B) i Reglement for private stikkleidningar.)

Følgjande gjeld for søknad vedkomande våtrom:
Arbeid som ikkje er søknadspliktige:
- Fullstendig ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining.
- Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining.
- Bygging av våtrom i nytt tilbygg når verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m², og tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining.

Arbeid som fortsett er søknadspliktige:
- Bygging av våtrom i nybygg følgjar søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarleg føretak for nybyggar.
- Våtrom i nytt tilbygg over 50 m² følgjar søknadsplikta med krav til ansvarleg føretak.

Reglement private stikkledninger
pdfReglement_private_stikkledninger_4-1.pdf

 

VASSMÅLAR

Åseral kommune innførte i 2005 krav om at alle abonnenter skal ha vassmålar.
pdfFøresegner for bruk av vassmålarar

Korleis få installert vassmålar?
1. Ta kontakt med eit røyrleggjarføretak og be om installasjon av vassmålar
2. Røyrleggjar undersøker plassen der målaren skal installerast.
3. Du må avgjere om du vil leige målaren av kommunen eller skaffe målar sjølv.
4. Dersom du vil leige målar av kommunen, tek røyrleggjar  kontakt med kommunen og får utlevert målar og Monteringsskjema for vassmålar (link). Henting av målar kan avtalast ved å ringe kommunen sitt sentralbord tlf. 382 85800 eller leiar Drift og vedlikehald, tlf 41515700.
5. Dersom du vil skaffe målar sjølv må du syte for at målaren er i tråd med kommunen sine føresegner.
6. Så snart vassmålaren er montert og plombert leverer røyrleggjar inn «Monteringsskjema for vassmålarar» til kommunen. Dette sendast anten i posten til:

Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral, eller på e-post:

Installering av vassmålar i bygg som ikkje har vatn og kloakk frå før er søknadspliktig!

Avlesning av vassmålaren
Vassmålaren skal lesast av ein gong i året. Avlesningskort sendast ut av kommunen til alle abonnenter. Målarstanden kan anten sendast inn i posten på avlesningskortet, eller den kan rapporterast inn elektronisk her: Elektronisk avlesing av vassmålar

Dersom ikkje målarstanden vert rapportert vert årsforbruket stipulert av kommunen.

 

DOKUMENT

pdfForskrift_om_VA_gebyrer_i_Aseral_kommune.pdf
pdfLeveringsvilkar_for_avløpstjenester.PDF
pdfLeveringsvilkar_for_drikkevann.pdf