nonlenfrdeites

Samanslåing av eigedomar

Publisert . Sist endret . Posted in Samanslåing av eigedomar

Eigedomar med same heimelshavar som ligg inntil kvarandre i same kommune kan slåast saman til ein eigedom.

Kven kan søke
Heimelshavar (tinglyst eigar) av eigedomane, kan kreve eigedomane slått saman til ein eigedom. 

Kva må du gjere før du søker
- Undersøke med tinglysninga (Statens Kartverk) at vilkåra for samanslåing er til stades. Ring Statens kartverk på tlf 08700.
- Slette eventuelle heftelsar. 

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom pantehavarar.

Kva må du sende inn:
- Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar  Skjema - krav om sammenslåing
Situasjonskart
- Pass på å få underskrift av alle tinglyste heimelshavarar av eigedomane.
- Stadfesting på sletting av eventuelle heftelsar.
- Er eigar eit firma, må gyldig firmaattest sendast inn saman med søknaden.

Korleis gjer du det
Send alt inn til kommunen. Kommunen vil handsame kravet om samanslåing og anten sende det i retur pga feil/manglar eller matrikkelføre samanslåinga og sende den til Statens kartverk for tinglysing.

Dersom samanslåinga blir godkjent av Statens kartverk vil papira bli returnert til kommunen. Kommunen sender så ut stadfesting på dette til den som har sendt inn kravet.

Pris
Samanslåing av eigedomar er gratis.