nonlenfrdeites

Matrikkelføring

Publisert . Sist endret . Posted in Matrikkelføring

Matrikkelføring er ei oppdatering og ajourhold av matrikkelen. Alt som føres i matrikkelen er eit resultat av offentleg sakshandsaming.

Eigedomar
Etter ei oppmålingsforretning vil opplysningane bli ført i matrikkelen. Forretninga har enten du eller ein nabo bestilt hos Åseral kommune. Alle involverte (naboar) blir innkalla til forretninga. Det er ein landmåler frå kommunen som styrar forretninga. Når forretninga er gjennomført blir det skrevet protokoll. Protokollen dannar grunnlaget for matrikkelføringa.

Oppmålingsforretning kan tingast fordi:
- ein ønskjer å dele eigedomen
- ein er usikker på kor ei eller fleire grenser går
- ein ønskjer å justere eigedomsgrensene
- ein ønskjer å overføre areal mellom eigedomar
- ein skal seksjonere eigedomen

Bygningar
Data om bygningar føres i matrikkelen når det for eksempel er gitt løyve til:
- å oppføre nybygg
- å bygge på eksisterande bygg
- å bygge om eksisterande bygg
- å rive eksisterande bygg
- … og fleire andre tilfelle.

Adresser
Adresser føres i matrikkelen når det:
- blir innført nye
- eksisterande adresser blir endra

Adresser vil vere i stadig endring i ein kommune med mykje utvikling. Derfor må nokon byte adresse på eigedomen sin av og til .

Anna informasjon
Matrikkelen kommuniserer med ei rekke andre sentrale registre, både for å hente ut og levere data. Det gjeld mellom anna:
- Grunnboka (tinglysingen).
- Det sentrale folkeregisteret (DSF).
- Einingsregisteret (Brønnøysundregistrane)
- Postadresseregisteret

Pris
Prisen på matrikkelføring inngår i den enkelte sak, og det blir derfor ikkje teken eit særskilt gebyr for dette.

Kontaktinformasjon
Telefon: 382 85800
Epost:

Aktuelle lenker
Matrikkelloven
Adresseveileder
Informasjon om matrikkelen fra Kartverket
Seeiendom