nonlenfrdeites

Kjøp og sal av eigedom

Publisert . Sist endret . Posted in Kjøp og sal av eigedom

Skal du sele eller kjøpe eigedom så fyller du ut eit skøyte og sender dette til tinglysing.

Dette gjer du:
- Fyll ut og skriv under skøyte. 2 vitnar skal stadfeste underskriftene.
- Skøytet skal utstedast i 2 eksemplar.
- I dei fleste tilfelle vil det vere naudsynt å legge med eigenfråsegn om konsesjonsfridom.
- Fyll ut og skriv under på eigenfråsegn, og send denne til kommunen.
- Kommunen vil stadfeste denne og sende den i retur til deg.
- Eigenfråsegn skal leggast med ved innsending av skøyte.
- Skøyte skal sendast til: Statens kartverket Tinglysinga, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss

For meir informasjon, sjå: www.tinglysing.no

Kva er tinglyst på eigedomen
For å finne ut kva som er tinglyst på eigedomen, kan du bestille grunnboksinformasjon frå: Infoland

Pris
Det skal betalast dokumentavgift i tillegg til ordinært tinglysingsgebyr. Dokumentavgift er 2,5% av marknadsverdien til eigedomen på tinglysingstidspunktet. Meir utfyllande informasjon kan du finne HER

Aktuelle lenker
Skøyte
Eigenfråsegn om konsesjonsfridom