nonlenfrdeites

Kart

Publisert . Sist endret . Posted in Kart

 

BESTILLING AV DIGITALE KARTDATA
Kart på papirformat eller PDF-filer til den enkelte bygge- delesak eller liknande, kan du sjølv ta ut ved å gå inn på http://www.kart.ddv.no/gislinewebinnsyn_lr/ eller ved å kontakte Åseral kommune.

Når det gjeld digitale kartdata så har Åseral kommune i samarbeid med Lindesnesregionen, lagt opp sjølvbetjening på kjøp av digitale kartdata. Det fine med dette er at du vil kunne få tak i kartdata 24 timar i døgnet.

Du vil oppleve at oversiktsbildet du kjem inn i, ikkje alltid er oppdatert. Likevel vil dei data for det området du vel, vere oppdaterte data. Er du i tvil gå inn og sjå på kartet som ligg tilgjengeleg på Åseral kommune si heimeside: http://www.kart.ddv.no/gislinewebinnsyn_lr/

Digitale kart er nok mest for den profesjonelle brukar; typisk utbyggarar, entreprenørar, hyttefirma og liknande. Data kan leverast på sosi-fomat eller DXF. Prisen på digitale kart er avhengig av storleik på arealet og data innafor angitt område. Faktura blir sendt direkte frå Norsk Eiendomsinformasjon AS, via ein nasjonal formidlingskanal som heiter Infoland.

Bestill kart på:  http://tema.webatlas.no/Åseral/Kartbestilling

Er det problemer med dette, ta kontakt med Åseral kommune!

 

INFORMASJON OM DEI ULIKE KARTTENESTENE

Kart for Lindesnes regionen
Dette er regionen sin eigen kartteneste. Her kan du søke opp eigedomen din, finne areal av eigedomen, ta ut situasjonskart mm.  Her kan du og få synt den arealplanen som gjeld i området.
Kart for Lindesnes regionen

Sjå eigedom
Sjå eigedom er Statens kartverks nettløysing for å syne informasjon frå den nasjonale basen for eigedomsdata, bygningar og adresser - matrikkelen, og tinglyste eigarar og rettar frå grunnboken.
For meir informasjon sjå: http://www.seeiendom.no/help/seeiendomhjelp.html

Noreg i bilete
Noreg i bilete er eit sentralt forvaltningssystem for digitale ortofoto, etablera av Statens kartverk, Statens vegvesen og NIJOS.
Norgeibilder.no

Gardskart
Kart over arealressursar med arealtall for landbrukseigedom. Du fyller ut kommunenamn, gnr. og bnr. og trykkar "Vis gårdskart".
Tenesta hentar informasjon om kva for gards- og bruksnr. som inngår i ein landbrukseigedom direkte frå Landbruksregisteret (Statens Landbruksforvaltning) og eigedomsgrenser direkte frå Matrikkelen (kommunane og Statens kartverk). Markslagskart (AR5) hentas frå "Skog og landskap" sin kartbase.

Kvaliteten og dekninga av kartgrunnlaget varierer frå kommune til kommune, og oppdatering av kartgrunnlaget gjerast kontinuerlig.

Tenesta er lagt til rette for landbruksforvaltninga og eigarar og brukarar av landbrukseigedomar, men er open for alle.

For meir informasjon sjå http://www.skogoglandskap.no/kart/gardskart_pa_internett

Boligpriser
1881 i samarbeid med siste.no viser solgte boliger, boligprisstatistikk og boligprisutvikling. 
- Søk opp adresse, gate eller sted
- Zoom i kart for å vise boligmarked og boligpris
- Trykk på ikoner i kart og se: hva er boligen solgt for
Boligpriser

God tur
GodTur.no er ein turportal som tilbyr ulike kart og turforslag, samt tipse om Statskog sine hytter og serverdigheter rundt om i heile landet. 
GodTur.no

Kjøp av digitale kart
Her kan du kjøpe digitale kart. Pris for kartet blir automatisk reikna ut etter at du har markert området du vil ha kart over.
Kjøp digitale kart

Infoland
Infoland er ein elektronisk marknadsplass for formidling av eigedomsinformasjon, kart- og plandata. Her kan du bestille kart og opplysningar om eigedom elektronisk.
Infoland.no