nonlenfrdeites

Grensejustering

Publisert . Sist endret . Posted in Grensejustering

Eigedomar som har felles grense kan justere denne grensa etter eige ønske. Det er bare mindre areal som kan justerast etter reglane om grensejustering.

Generelt
Dersom du og din nabo er einige om å justere grensa, kan denne justerast. Grensejustering er meint å vere eit middel for å kunne rette opp og gjere grensa meir hensiktsmessig. Søknad om grensejustering sendes kommunen.

Vilkår
- Partane må vere samde om grensejusteringa og ale skrive under på rekvisisjonen.
- Areal kan justerast med inntil 5% av den minste eigedomen sitt areal.
- Det kan maksimalt justerast 500m2.
- Ein eigedom kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstig 20% av eigedomens areal før justeringa (sum av fleire justeringar).
- Verdien på eigedomen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygdas grunnbeløp på 1G.
- Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
- Dersom det er snakk om større areal må det søkas om arealoverføring eller frådeling av eigedom med påfølgande samanslåing.

Kven kan søke
- Eigarar (heimelshavarar) av eigedomane som skal grensejusterast.
- Alle involverte eigarar må skrive under på rekvisisjonen.

Korleis søke
Følgjande dokument må sendast inn:
- Utfylt skjema (for skjema, trykk (HER)
- Situasjonskart. Teikn inn ny grense.
- Verdianslag for involverte eigedomar.
- Er eigar av eigedomen eit firma, må gyldig formaattest sendast inn saman med rekvisisjonen.

Handsaming
- Rekvisisjonen blir kontrollert og evt feil/manglar blir påpeikt.
- Når rekvisisjonen er komplett sendes varsel om oppmålingsforretning ut til partane, minimum 14 dagar før oppmålingsforretninga skal haldast.
- Ved oppmålingsforretninga blir eksisterande grenser klarlagt og nye grenser merka og målt
- Nye grenser blir ført i matrikkelen
- Det blir til slutt sendt ut matrikkelbrev til involverte partar.

Pris
Prislista finn du HER

Handsamingstid
Søknaden skal handsamast innan 3 veker frå den dato komplett søknad kom inn. Etter dette skal det maksimalt gå 16 veker til det ferdige matrikkelbrevet vert sendt partane. Åseral kommune har innført vinterforskrift, så mellom 1.november til 1.april gjeld ikkje kravet på 16 veker. 

Aktuelle lenker
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta