nonlenfrdeites

Deling av eigedom

Publisert . Sist endret . Posted in Deling av eigedom

Ynskjer du å frådele ei tomt, overføre areal, opprette anleggseigedom eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve.

Korleis gjer du det
Send inn søknad til kommunen. Denne skal innehalde:
- Utfylt søknadsskjema
- Situasjonskart
- Gjenpart av nabovarsel
- Evt grunngjeving for søknad om dispensasjon.

Sakshandsaming
Gjeldande plan for området du skal søke om frådeling i, vil gje deg svar på kva som er tillat. Kommuneplanens arealdel gjev føringar for arealbruken i kommunen. Reguleringsplanen viser ein meir detaljert arealbruk for mindre område. Dersom ikkje søknaden er i samsvar med formålet i gjeldande plan, må det søkast om dispensasjon.

Dispensasjonssøknaden vert handsama fyrst. Ofte må dispensasjonssøknaden på høyring til Fylkesmannen, Fylkeskommune og Statens vegvesen evt andre høyringsinstansar.

Til slutt vert søknaden handsama etter plan- og bygningslova i kommunen.

Oppmålingsforretning
Dersom det vert gjeven løyve til frådeling vil tomta bli frådelt etter reglane i matrikkellova. Eigedomen blir merka og målt og får nytt matrikkelnummer (gnr/bnr). Eigedomen blir etter dette tinglyst.
Til slutt vil det bli sendt ut eit matrikkelbrev for den nye eigedomen.

Kommunen har ein tidsfrist på 16 uker på seg frå løyve vart gjeven til matrikkelbrev er motteke. Unntak frå dette i Åseral kommune er i perioden 1.november til 1.april (vinterforskrift)

Det er viktig å merke seg at heimel (den som er eigar) til den nye eigedomen framleis vil vere den same som den eigedomen tomta vart delt frå. Derfor må det etter at eigedomen er tinglyst, skrivast skøyte mellom selar og kjøpar og tinglyse dette. Utferding og tinglysing av skøyte er noko du sjølv må ordne med.

Pris
Prislista finn du HER

Kontaktinformasjon
Telefon: 382 85 800
epost:  

Aktuelle lenker
Søknad om frådeling
Situasjonskart
Opplysningar gjeve i nabovarsel
Kvittering for nabovarsel