nonlenfrdeites

Byggesak

Publisert . Sist endret . Posted in Byggesak

Generell informasjon til deg som skal bygge

Det finnest mange typar søknad om bygg, sjølvsagt avhengig av kva som skal byggjast. Nedanfor på denne sida vil me og skilje mellom dei mest vanlege byggesakene slik at me kanskje gjer det mogleg for deg å søke sjølv i einskilde samanhengar, eller i alle fall vite korleis det vert gjort.     

Frå 1. juli vart byggereglane forenkla. Dette kan du lese meir om her: Direktoratet for byggkvalitet

Elles oppmodar me til å ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil. Det er betre med dialogen tidleg  i prosessen slik at ein kan unngå unødige forseinkingar. Kommunen er pliktig til å arrangere førehandskonferanse om nokre bed om det. 

 

Søknad utan ansvarsrett

Du kan søke og stå for bygginga sjølv
- Tilbygg inn til 50 m2 (utan inngrep i eksisterande tak- konstruksjon)
- Frittståande garasje inntil 70 m2
- Landbruksbygg inntil 1000m2
- Fasadeendringar
- Veranda
- Bod /tilbygg – mindre 

Type skjema:
- Søknadsskjema utan ansvarsrett § 20-4
- Nabovarsel
- Situasjonsplan
- Teikninga(plan, snitt, fasade)
- Plankart med innteikna bygg
pdfSjekkliste

 

Søknad med ansvarsrett

Ansvarleg søkjar sender søknad på vegne av tiltakshavar .
- Nybygg (Hus, Hytte )
- Tilbygg over  50 m2
- Frittståande garasje over 70 m2
- Påbygg med inngrep i konstruksjonen

Type skjema:
- Søknadsskjema med ansvarsrett § 20-1 med oversikt over ansvarsretter.
- Nabovarsel
- Situasjonsplan
- Teikninga(plan, snitt, fasade)
- Grunnkart med innteikna bygg, parkering, utomhusplan

 

Riving av bygg

Fjerning av alle bygg skal søkast. 

Type skjema:
- Søknad om riving av bygg, med ansvarsrett (Ta kontakt om du har større riveprosjekt på gang )

 

Sjølvbyggar

Innehar du kompetanse innan byggfaget, som kan dokumenterast, kan du søke som sjølvbyggar der det krevs ansvarsrett

Type skjema:
- Søknad som ansvarsrett med dokumentasjon.
- Du kan og dokumentere at du har hjelp av kyndige fagpersonar. 

 

Skjema

Alle skjema hentast på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet:
Byggesaksblanketter

 

Innsending

Byggesøknader sendast på mail til