nonlenfrdeites

Adressering

Publisert . Sist endret . Posted in Adressering

Kommunen er adressemyndighet og fastsetter offisielle adresser.

Adresse generelt
Adressa består av:
- Eit gate/område-namn
- Eit gatenummer og evt bokstav
- Eit bustadnummer (brukseiningsnummer) For adresser med bare ein bustad blir det ikkje sendt ut
  adressemerker/bustadnummer-merker.
- For gardsbruk kan namnet på garden vere ein del av adressa (adressetilleggsnamn)

Får eg ny adresse?
Adresse blir gitt til bygg. Dersom det skjer endringar med ditt eller andre sine bygg i nabolaget kan det bli aktuelt å endre alle adresser i området (omadressering)
Dersom det vert aktuelt vil det bli sendt ut melding.

Har du feil adresse?
Stemmer ikkje adressa med der du verkeleg bur, så må du melde flytting. Dette kan du gjere på nettsida til folkeregisteret

Hugs og å melde adresseendring til andre. Dette kan du enkelt gjere på flytteportalen

eller på posten sin nettsider: http://www.posten.no/produkter-og-tjenester/adresseendring-og-oppbevaring/meld-riktig-adresse

Kven betaler kva?
Det er eigar av huset/hytta som betaler for husnummerskilt. (Den som i grunnboka er oppført som heimelshavar).
Kommunen er ansvarleg for skilting etter kommunale og private vegar. Dette gjeld gatenamnskilt og kvartalskilt. Kvartalskilt er skilt som syner kva for nummer som er å finne inn ein stikkveg, t.d «48-56»
Fylkeskommunen er ansvarleg for skilt langs fylkesveg.

Viktig med rett adresse!
Adressene blir registrert i matrikkelen med koordinatar. Koordinatane blir nytta av brann- og redningsetatane for å finne fram. Derfor er det viktig at ein nyttar den adressa som er blitt tildelt og ikkje nyttar andre namn eller nummer ved t.d tilkalling av hjelp.

Etter matrikkelforskrifta skal man ha adresse til den vegen ein har tilkomst frå. Meir om adresse kan du finne i:

Adresseveileder
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta

Kontaktinformasjon
Telefon: 382 85 800
Epost: