nonlenfrdeites

Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Publisert . Sist endret . Posted in Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Rutinar for søknad om redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Det vart i statsråd 17.april 2015 vedteke ny føreskrift om foreldrebetaling for barnehageplass gjeldane frå 1.mai 2015.

Fylgjande gjeld frå 1.05.15:

  • Ingen skal betala meir enn seks prosent av si inntekt for barnehageplass, familiar med årsinntekt under kr. 473.000,- kan søke om redusert foreldrebetaling.
  • Ordninga er søknadspliktig, foreldre må sjølv sende inn søknad til kommunen.
  • Inntekt skal dokumenterast med sjølvmelding for 2014.

Foreldrebetaling skal maksimalt vere seks prosent av hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Har hushaldet samla ei skattbar inntekt under 473.000,- kroner, er det mogeleg å søke redusert foreldrebetaling. Som hushald reknas ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Dersom sambuar ikkje er mor eller far til barnet, skal sambuar si inntekt reknas med når sambuarforholdet har vart i 12 av dei siste 18 månadane.

Dersom foreldra har delt omsorg skal inntekta i husstanden der barnet har folkeregisteradresse leggast til grunn.

Reglar for søskenmoderasjon og kostpengar er ikkje endra. Det blir gitt 30 % søskenmoderasjon for barn nr. 2 og 50 % søskenmoderasjon for øvrige barn. Betaling for kost kjem i tillegg til opphaldsbetaling.

Søknad:

Føresette må sjølv søke reduksjon på fastlagt skjema vedlagt dokumentasjon som er sjølvmelding for 2014.

Søknaden sendes Åseral kommune v/ Servicekontoret, Gardsvegen 68, 4540 Åseral. Konvolutten merkes «foreldrebetaling».

Søknad vedlagt dokumentasjon kan også leverast direkte til kommunen sitt Servicekontor. Søknaden må vere fullstendig med naudsynt dokumentasjon før den behandlas, elles vil den bli returnert.

Det må søkast for kvart barnehageår. Vedtak om redusert foreldrebetaling vil gjelde for eitt barnehageår.

Søknadsfrist:

Ved tildeling av barnehageplass, må søknad om redusert foreldrebetaling leverast innan dato for svarfrist på barnehagetilbod.

Det kan leverast søknad i løpet av året ved vesentlig reduksjon i inntekt eller ved samlivsbrot.

Barn busett i andre kommunar:

Dersom du bur i annan kommune og har barnehageplass i Åseral kommune, skal du søke til kommunen der du og barnet bur/er registrert i folkeregisteret.

Kva inntekter skal reknast med?

Alle skattepliktige inntekter skal opplysast om, det gjeld også inntekter som ikkje er førehandsutfylt på sjølvmeldinga. Sjølvmeldinga for 2014 skal sendast med som dokumentasjon. Dersom du ikkje har sjølvmelding for 2014 må du levera annan dokumentasjon. Dette kan som eksempel vere lønsslipp frå arbeidsgjevar eller Nav.

Vedtak om redusert foreldrebetaling:

Åseral kommune ved barnehagemyndigheita handsamar søknad om redusert foreldrebetaling og fattar vedtak.

Klagefrist:

Søkar kan klage på vedtaket om fastsetjing av foreldrebetaling, jamfør Forskrift § 5.

Klageinstans er Fylkesmannen i Vest-Agder.