nonlenfrdeites

PPT – Pedagogisk-psykologisk teneste

Publisert . Sist endret . Posted in PPT – Pedagogisk-psykologisk teneste

Åseral kommune har inngått interkommunalt samarbeid med Kompetansesenter Sør om PP-teneste. Dette er eit samarbeid som gjeld for Åseral, Audnedal, Marnardal, Hægebostad og Lindesnes. Det er Lindesnes som er vertskommune.

PP-tenesta har ansvar for:

  • At det blir utarbeidd sakkunnig vurdering i samband med spesialpedagogisk hjelp i førskulealder, spesialpedagogiske tiltak for elevar i grunnskulen
  • Hjelpe barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge opplæring best mogeleg til rette for barn og elevar med særskilte behov.
  • Testing og anna kartlegging av barn/elevar
  • Rettleiing til personalet i barnehage, skule og foreldre
  • Samarbeide med aktuelle kommunale einingar og andre instansar som har med barn og unge å gjere

Kontaktinformasjon:
Kompetansesenter Sør

Besøksadresse: Smibakken 1A, 4520 LINDESNES
Postadresse: Kompetansesenter Sør, Postboks 183, 4524 LINDESNES
Telefon: 38 25 51 00
E-post:

Heimeside: www.kompetansesentersor.no