nonlenfrdeites

Legevakt

Publisert . Sist endret . Posted in Legevakt

Frå 01.05.15 er Åseral kommune knytta til Mandal kommune si legevaktordning. Det er framleis slik at vi har legevaktlege knytta til «indre bygder» i Åseral, Audnedal og Hægebostad mellom kl 15.00 og 23.00. Det blir oppretta kontakt med denne legen, frå legevakta i Mandal.

Legevakta har åpningstid 15.00 – 08.00.
Legevakta er for akutt sjukdom og skade, eller forverring av tilstandar som ikkje kan vente til du kan kontakta legekontoret i åpningstida.
Legevakt Lindesnesregionen: 116117 (Trenger du kontakt med legevakten i Lindesnesregionen og befinner deg utenfor vårt distrikt, kan du ringe direktenummer: 38 27 26 10)

Landsdekkande legevaktnummer: 116117 (uttales: hundreogseksten-hundreogsytten) 
Det betyr at du uavhengig av kor du oppheld deg, og uansett tid på døgnet, vil kome fram til legevaktssentralen der du er, når du ringer nummeret.

116117 skal fungere både fra fasttelefon og mobil, og er gratis å bruke.

Legevakta skal bare nyttast til å dekke øyeblikkelig hjelp som ikke kan utførast av eigen fastlege. Når hjelpa hastar vil prioriteringa vere som tidlegare:
- Fastlegen din i åpningstiden kl. 08.00 – 15.00 alle hverdage
- Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengelig, og hjelpa ikkje kan vente (for innbyggjarar i Åseral kommune gjeld det kvardagar frå kl. 15.00 – 08.00 og i helger og høytider slik som før
- 113 når det er akutt og står om liv