nonlenfrdeites

Korttidsopphald

Publisert . Sist endret . Posted in Korttidsopphald

Føremål

Sikre heildøgns helsehjelp til brukarar som har eit tidsavgrensa behov for medisinsk behandling, rehabilitering og/ eller sjukepleie.

Lovgrunnlag
Lov om helse- og omsorgstenester § 3-2, pkt. 6c.

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1.

Lov om helsepersonell

Forskrift for sjukeheim og buform for heldøgns omsorg og pleie

Forskrift om kvalitet i pleie og omsorgstenestene 

Forskrift om en verdig eldreomsorg (Verdighetsgarantien)

Målgruppe

Personer med:

  • Tidsavgrensa behov for medisinsk behandling/oppfølging, rehabilitering og/eller sjukepleie.
  • Behov for hjelp og rettleiing til ernæring/kartlegging av ernæringsstatus
  • Behov for lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets slutt
  • Behov for tilpassing av hjelpemiddel og opplæring i bruk av desse
  • Behov for kartlegging av fysisk og psykisk funksjonsevne

Kvalitetsmål

Korttidsopphald i sjukeheim skal vera målretta og individuelt tilpassa brukar sitt behov for opptrening, behandling, kartlegging og planlegging av vidare tenestebehov.

Gjennom dette skal brukar:

  • Oppleva tryggleik og velvære
  • Oppleva medverknad i behandlinga
  • Få hjelp til naudsynt og målretta trening
  • Få hjelp til å ivareta eigenomsorg
  • Få lindrande behandling og ei verdig avslutning på livet

Pårørande skal etter samtykke frå brukar få informasjon og bli tekne med i avgjerder og planar for brukar.

Tenestform

  • Korttidsopphald er tidsavgrensa, men kan forlengjast etter behov og/eller på bakgrunn av ny søknad.
  • Korttidsopphald blir primært tildelt ved Åseralsheimen.

Tenestetilbod

  • Korttidsopphald skal medverka til at brukaren får naudsynt behandling, trening og pleie i ein tidsavgrensa periode.
  • Korttidsopphald skal vera målretta og individuelt tilpassa.
  • Korttidsopphald skal nyttast til kartlegging og avklaring av vidare hjelpe-/tenestebehov etter avslutta opphald dersom det ikkje er snakk om avslutning av livet.
  • Tilbodet er for brukarar over 16 år.
  • Dersom brukar sine behov aukar, skal langtidsplass vurderast. Langtidsplass blir tildelt ved Åseralsheimen.

Tenesteomfang

  • Heildøgns tilbod.
  • Sikra medisinsk behandling, sjukepleie, kartlegging og trening/rehabilitering.
  • Alle brukarar har sin eigen primærkontakt.

Eige ansvar

  • Ved korttidsopphald i sjukeheim har brukaren sjølv ansvar for:
    • Personlege eigedelar/pengar han/ho har med seg
    • Innkjøp av hygieneartiklar

    Pris

    • «Kommunen nyttar maksimum satsar fastsett av sentrale styresmakter i forskrift av 16.12.2011 nr. 1349». Betalingssatsane for omsorgstenestene vert regulert årleg og ligg på kommunen si nettside under «Helse og Omsorg».
    • Prisen inkluderer måltider, medisinar, medisinsk og sjukepleiefagleg oppfylging samt tverrfagleg vurdering og oppfylging.
    • Transport til og frå er ikkje inkludert.
    • Heller ikkje transport til undersøkingar, til døme på SSK, dersom desse er avtalt før korttidsopphaldet tek til.

    Søknad

    • Brukar kan søkja om korttidsopphald i sjukeheim ved å kontakta tenesteområde omsorg ved hjelp av telefon eller eigenhendig søknad.
    • Søknadsskjema finn ein enten på Åseral kommune si heimeside, www.aseral.kommune.no, under «søknad om omsorgstenestar eller ved å kontakte Servicekontoret på tlf.:38 28 58 00. Ein kan og senda søknadsskjema til ..
    • Søknad sendas til:
    • Åseral kommune, Pleie, rehabilitering og omsorg, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL.
    • Ein kan og levera søknad ved Servicekontoret på Åseral Rådhus.

    Klage

    • Vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 påklagast til Fylkesmannen i Vest- Agder  innan 4 – fire – veker etter at vedtaket er motteke.
    • Ei eventuell klage skal sendast til:

    Åseral kommune, Pleie, rehabilitering og omsorg, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL.

    • I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngi dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka i samband med klagen.
    • Klagen vert fyrst vurdert av tenesteeininga i omsorg som har fatta vedtaket. Dette for å vurdere om det er grunn til å endre på vedtaket. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen

    Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova § 18.