nonlenfrdeites

Frisklivssentral

Publisert . Sist endret . Posted in Frisklivssentral

Frisklivssentralen i Åseral gir rettleiing og støttar deg som ønskjer å endra levevanar knytta til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk.

«Grøn resept» - Er dette noko for meg?

«Grøn resept» gir deg moglighet til oppfølging individuelt og i gruppe. Den er eit tilbod til personar over 18 år, som står i fare, eller som har begynt å utvikla livsstilsjukdommar , som til dømes overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. Ein treng ikkje ha nokon diagnose eller vera sjuk for å delta i tilbodet.

Korleis få «grøn resept»?

Du kan ta kontakt sjølv , faslege, NAV eller anna helsepersonell kan fylle ut ein søknad for deg. Då får du tilbod om helsesamtale, og ut ifrå den kan vi sjå om det er eit tilbod som kan passe for deg.

«Grøn resept» inneheld:

- Helsesamtale
- Frisklivstrening
- Bra mat kurs
- Snus og røykesluttkurs

Helsesamtalen er gratis. Resepten varer i 3 månader, og kostar 300 kr. Du kan få fleire perioder om du har behov for det.

Vi har samarbeid med nabokommunane, så det kan vere mulig å følge kurs hos dei.

Kontaktperson

Gro Boge Aasheim tlf: 91 84 07 75