nonlenfrdeites

Dagtilbod for heimebuande demente

Publisert . Sist endret . Posted in Dagtilbod for heimebuande demente

Kva finn du her:

Frisør, fotpleie, kjøkken, stue/arbeidsrom, dusj/toalett (tilrettelagt)

Kor mange plasser:

5 brukere pr. dag, åpent 2 dager i veka

Formål:

Tilstreber å skape ei trygg og god atmosfære, og å gje individuell tilpassa tilbod bygga på brukars ressursar. Avlastning for pårørende.

Målgruppe:

Heimebuande demente

Aktivitetar:

Tilpasser aktivitet etter årstidene, høytlesing, "mimre"grupper, turgåing, sang/musikk,osv, samver med førskulen.

Når du kjem til oss:

Oppholdet varer fra kl. 09 til kl. 15. Transport foregår med heimesjukepleien/leiar av dagsenteret tur/retur

Måltider: Middag og kaffe.

Pris: 90,- for middag.

Søknadsskjema

Søknaden sendes til

Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL

 Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Avdeling: Pleie, rehabilitering og omsorg
Epost:
Postadresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Bordalsbakken 10 4540 Åseral