nonlenfrdeites

Barnevern

Publisert . Sist endret . Posted in Barnevern

Barneverntenesta arbeider i samsvar med Lov om barneverntenester.

Formålet med lova er:
- å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp i rett tid.
- å hjelpa til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta kan gje ulike typar tiltak som gjer foreldrene nye ferdigheter i forhold til si omsorgsrolle. Dette kan til dømes vere ulike typar kurs.

Barneverntenesta samarbeider tett med andre instansar som skule, barnehage, politi, barnepsykiatri og andre, alt til beste for barnet.

Åseral kommune har etablert felles barnevernteneste med Mandal, Marnardal og Lindesnes, under namnet Barnevern Sør. Samarbeidet er organisert etter vertskommunemodellen, der Mandal er vertskommune.

 

Kontaktinformasjon:
Åseral sin kontaktperson: Trine Bessesen
Tlf: 48 20 08 70

 

For meir informasjon sjå Barnevern Sør